Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er 3-årig (180 studiepoeng).
Målet med studieprogrammet er å gi studentane ei brei og basal forståing av molekylærbiologiske metodar og tenkemåtar basert på kjemisk analyse slik at dei lett kan bruka kunnskapen til vidare studiar i biologi, kjemi, biomedisin eller byrje arbeide i eit laboratorium.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Bachelorgraden i molekylærbiologi har krav om ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 60 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa inneheld 60 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk eller statistikk.
Spesialiseringsemna i molekylærbiologi (60 sp):
Spesialiseringsemne i kjemi (30 sp):
Spesialiseringsemne i matematikk eller statistikk (10 sp):
Dei 60 frie studiepoenga kan vere frå andre fagretningar eller set saman av andre emne enn dei tilrådde. Ein bør velje valemne etter interesse og eventuelt i samanheng med planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Tilrådde valemne i molekylærbiologi er MOL231 Prosjektoppgåve og MOL270 Bioetikk. Andre emne i molekylærbiologi høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden. Sjå oversikt over emne i molekylærbiologi her: http://www.uib.no/mbi/56433/emner-i-molekyl%C3%A6rbiologi.
Andre aktuelle valemne:
Sjekk alltid forkunnskapskravet og tilrådde forkunnskapar før du vel valemne.
Obligatorisk undervising og informasjon om vurderingsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Molekylærbiologar jobbar innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i firma innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting.
Du kan lese meir om kva molekylærbiologar arbeider med her: http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/hva-blir-man-som-molekylaerbiolog.
Molekylærbiologisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@mbi.uib.no.
Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er 3-årig (180 studiepoeng).
Molekylærbiologi og biokjemi er to sider av same fagområde, faget der dei levande organismane si molekylære oppbygging, kjemi og fysikk vert studert. Molekylærbiologar studerar dei biologiske makromolekyla DNA, RNA, protein og karbohydrat og andre organiske molekyl i levande celle. Faget er basert på teknologi som tillet isolering og studie av biologiske makromolekyl og metodar for å studera kva funksjonar slike molekyl har i levande celler og organismer.
Studieprogrammet i molekylærbiologi har som mål å gje studentane både eit bredt teoretisk grunnlag for å forstå basale problemstillingar og solid kunnskap om fagets eksperimentelle metodar. Evolusjonære perpektiv står sentralt i undervisinga. Gjennom studiet vil studentane få trening i å lese relevant faglitteratur kritisk. Det er og lagt vekt på øving i skriftleg og munnleg fremstilling av faget.
For å kunne søke opptak til bachelorprogrammet i molekylærbiologi må du ha generell studiekompetanse eller fylle krava til realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Krav til bachelorgraden i molekylærbiologi er ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 60 valgfrie studiepoeng.
I spesialiseringa inngår 30 sp kjemi, 10 sp matematikk/statistikk og 60 sp molekylærbiologi. I første semesteret bør studentar som har liten bakgrunn i kjemi ta kjemikurset KJEM100. KJEM110 bygger på 3KJ eller bestått KJEM100, og kan takast første semester dersom einn er kvalifisert for det. Forutan emna KJEM110 og KJEM130 som er obligatorisk i spesialiseringa, er det valfritt kva kjemiemne som inngår.
Emne i matematikk/statistikk på 10 sp kjem i tillegg til det obligatoriske førstesemesteremnet i matematikk (MAT111/MAT101), men kan ellers veljast fritt (eks. MAT121, STAT101).
Emna MOL100 Introduksjon til molekylærbiologi, MOL200 Metabolisme; reaksjoner, regulering og kompartmentalisering, MOL201 Molekylærbiologi II: Molekylær cellebiologi, MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi, MOL203 Molekylærbiologi III: Genstruktur og funksjon og MOL204 Anvendt bioinformatikkk på til saman 60 sp er alle obligatoriske emne. Som valfrie emne i bachelorgraden kan dei molekylærbiologiske emna MOL231 og MOL270 inngå. Fleire kjemiemne er relevante som valemne (sjå under Tilrådde valemne). Biologiemne inngår ikkje i spesialiseringa, men er tilrådd valt etter interesse. Emne i statistikk, fysikk og informatikk kan og være nyttig. Nivå på valemne avheng av forkunnskap - sjekk alltid forkunnskapskrav og tilrådde forkunnskapar før du veljer emne.
Krav til bachelorgraden i molekylærbiologi er ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 60 valgfrie studiepoeng. I spesialiseringa inngår 30 sp kjemi, 10 sp matematikk og 60 sp molekylærbiologi.
Det første semesteret bør studentar som har liten bakgrunn i kjemi ta kjemikurset KJEM100. KJEM110 bygger på 3KJ eller bestått KJEM100, og kan takast første semester dersom ein er kvalifisert for det. Forutan emnet KJEM110 Kjemi og energi og KJEM130 Organisk kjemi som er obligatorisk i spesialiseringa, er det valfritt kva kjemiemne som inngår.
Spesialiseringa skal innehalde eit valfritt emne i matematikk/statistikk på 10 sp i tillegg til det obligatoriske førstesemesteremnet i matematikk (MAT111/MAT101). Emna MAT121, STAT101 og STAT110 er tilrådde emne.
Emna MOL100 Introduksjon til molekylærbiologi, MOL200 Metabolisme; reaksjoner, regulering og kompartmentalisering, MOL201 Molekylær cellebiologi, MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi, MOL203 Genstruktur og funksjon og MOL204 Anvendt bioinformatikk på til saman 60 sp er alle obligatoriske emne.
Som valfrie emne i bachelorgraden kan dei molekylærbiologiske emna MOL231 og MOL270 inngå. Fleire kjemi- og molekylærbiologiemne er relevante som valemne (sjå under Tilrådde valemne). Biologiemne inngår ikkje i spesialiseringa, men er tilrådd valt etter interesse. Emne i statistikk og informatikk kan og være nyttig.
Molekylærbiologiske emne : MOL 231 Prosjektoppgåve og MOL 270 Bioetikk. Andre emne i molekylærbiologi kan og vere relevant å ta mot slutten av bachelorgraden.
Kjemiske emne: KJEM131 Organisk syntese og analyse, KJEM120 Grunnstoffenes kjemi, KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi, KJEM210 Kjemisk termodynamikk og KJEM212 Molekylære drivkrefter
Matematiske emne: MAT121 Lineær algebra, STAT101 Elementær statistikk og STAT110 Grunnkurs i statistikk.
Biologisk emne: BIO110 Innføring i evolusjon og økologi, BIO113 Mikrobiologi og andre biologisk emne valt etter interesse.
Dei 60 frie studiepoenga kan og vere frå andre fagretningar eller samansett av andre emne enn dei tilrådde. Valemne bør veljast etter interesse og evt. i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Obligatorisk undervising og informasjon om vurderingsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Læremiddel som vert nytta i programmet står omtala under kvart enkelt emne.
Valfridomen i det 6. semesteret kan med fordel nyttast til internasjonal utveksling. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta litt av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. I bachelorprogrammet i molekylærbiologi har vi i tillegg valgt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finna det fagtilbodet som passar best for deg. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Molekylærbiologisk institutt tilbyr tilrettelagte delstudium ved University of Cape Town, Sør-Afrika, McGill University, Canada og James Cook University, Australia. I tillegg har instituttet avtalar med fleire europeiske universitet.
Haust
Molekylærbiologisk institutt v/professor Anders Fjose. E-postadresse: anders.fjose@mbi.uib.no, tlf. 55 58 45 00