Programmet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for arbeid i olje- og gassindustrien. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i dei basisfaga som er nødvendige for å gi ei djupare forståing for dei fysiske og kjemiske prosessane som er knytte til olje- og gassutvinning. Fagfeltet petroleumsteknologi er særlig retta mot reservoarskildring og modellering av strøyming i porøse media i undergrunnen, mens fagfeltet prosessteknologi konsentrerer seg om transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvarene har kome til overflata.
Studieprogrammet skal utnytte forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi, og geologi til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse innanfor petroleum- og prosessteknologi, og danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Ein kandidat med bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi skal kunne:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
I byrjinga av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i nokre viktige «verktøyfag» innanfor matematikk, geologi, generell og fysikalsk kjemi og mekanikk. Det gir deg eit godt fundament til spesialiseringsemna seinare i bachelorprogrammet, og ein eventuell mastergrad.
Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi vil da sjå slik ut:
6. semester
Petroleumsgeologi eller Masseoverføring og faselikevekter
Val
Val
5. semester
Fluidmekanikk og varmeoverføring
Kjemisk termodynamikk
Val
4. semester
Reservoarteknikk I
Mekanikk
Val
3. semester
Elektromagnetisme og optikk
Kjemi og energi
Grunnleggjande reservoarfysikk
2. semester
Differensiallikninger
Brukerkurs i matematikk II eller Grunnkurs i matematikk II
Innføring i geologi
1. semester
Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Innføring i prosess- og petroleumsteknologi
Som valemne vil dei fleste ha nytte av noko statistikk og informatikk.
Krav til bachelorgraden i Petroleum- og prosessteknologi er ei spesialisering på til saman 120 studiepoeng, i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 40 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa består av:
PTEK100, MAT131, KJEM110, KJEM210, PHYS111, PHYS112, GEOV101, PTEK202, PTEK211 og PTEK212 + eit av emna MAT102 eller MAT112 og eit av emna PTEK203 eller GEOV260.
Første semester tar du innføringsemna Ex.phil. og MAT111 + PTEK100. Har du en svak matematikkbakgrunn frå vidaregåande skule bør du vurdera å ta MAT101 i første semester, og utsetja MAT111 til eit seinare semester. Tar du både MAT101 og MAT111 gir dei til saman 15 studiepoeng.
Dersom du ønskjer eit utanlandsopphald under bachelorstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar. Det finst i dag konkrete avtaler med University of Alberta (Canada) og University of Western Australia. Det er også mogleg å få eit opphald ved UNIS, der det er tilbod om fleire emne innanfor arktisk geofysikk, geologi og teknologi. Dersom du tek valemna dine på UNIS, vil du få ein del kunnskap om korleis det er å drive oljeverksemd i kalde område. Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar. Det passer best å ta utanlandsopphald i det 5. eller 6. semesteret.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Petroleumsrelatert industri vil i åra framover trenge ein ny type kompetanse som reflekterer både samfunnsutviklinga og dei problemkompleksa som industrien strevar med. Det vil bli lagt stadig større vekt på å utvikle ein tverrfagleg, interaktiv og ikkje minst internasjonal profil.
Forskingsbasert og tverrfagleg utdanning er det som trengst for å gi den rette faglege bakgrunnen for å løyse dei utfordringane som petroleumsnæringa kjem til å støyte på. Alderssamansetjinga innanfor den internasjonal petroleumsindustrien er også eit teikn på at det er sterkt behov for nyrekruttering. Utdanninga kvalifiserer deg til eit vidt spekter av stillingar i oljeselskap og serviceselskap i oljenæringa, innanfor både leiting og produksjon av olje og gass, og innanfor vidareforedlinga av petroleumsprodukta i prosessindustrien. I tillegg til olje- og gassindustrien finst det også jobbar innan kjemisk, metallurgisk og mekanisk prosessindustri. Dessutan vil det vere eit behov for kvalifisert personell hjå styresmaktene til å styre og evaluere oljeaktiviteten.
Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.ptek@uib.no
Tlf 55 58 28 64.
Programmet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for arbeid i olje- og gassindustrien. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i dei basisfaga som er nødvendige for å gi ei djupare forståing for dei fysiske og kjemiske prosessane som er knytte til olje- og gassutvinning. Etter det 3. semesteret vel du om du vil spesialisere deg mot petroleumsteknologi eller prosessteknologi. Det er også lagt opp til at ein kan ta ein kombinert bachelorgrad, med spesialisering i begge fagfelta. Fagfeltet petroleumsteknologi er særlig retta mot reservoarskildring og modellering av strøyming i porøse media i undergrunnen, mens fagfeltet prosessteknologi konsentrerer seg om transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvarene har kome til overflata.
Studieprogrammet skal utnytte forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi, og geologi til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse innanfor petroleum- og prosessteknologi, og danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
I byrjinga av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i nokre viktige «verktøyfag» innanfor matematikk, generell og fysikalsk kjemi og mekanikk, slik at du får eit godt fundament for fordjupinga seinare i bachelorprogrammet. I siste halvdelen av studiet kan du velje om du fordjupe deg i petroleumsteknologi eller prosessteknologi. Du kan også velje å ta begge spesialiseringane, slik at du oppnår ein kombinert bachelorgrad.
Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi vil da sjå slik ut:
Prosessteknologi
6. semester
Masseoverføring og faselikevekter
Val
Val / Numeriske metodar for prosessteknologi
5. semester
Fluidmekanikk og varmeoverføring
Kjemisk termodynamikk
Val / Reknealgoritmar 1
4. semester
Gr. målevitskap og eksperimentalfysikk
Kjemi og energi
Val
Petroleumsteknologi
6. semester
Petroleumsgeologi
Reservoarteknikk I
Val /
Gr. målevitskap og eksperimentalfysikk
5. semester
Grunnleggjande reservoarfysikk
Kjemisk termodynamikk
Val
4. semester
Innføring i geologi
Elektromagnetisme og optikk
Kjemi og energi
Du vel fordjuping i eit av dei to alternativa ovanfor
Grunnleggjande del
3. semester
Mekanikk
Val / Kjemi i naturen
Val
2. semester
Lineær algebra
Grunnkurs i matematikk II
Val / Differensial-likningar
1. semester
Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Innføring i prosess- og petroleums-teknologi
Dersom for mange vel same fordjuping etter det 3. semesteret vil programstyret fordele studentane ut frå karakterane i dei obligatoriske emna dei tre første semestra. Som valemne vil dei fleste ha nytte av noko statistikk og informatikk. Elles vel du emne etter kva retning du ønskjer å spesialisere deg i, så vi vil rå deg til å bruke dei første semestra til å orientere deg i fagtilbodet, sikte deg inn på ei spesialisering og eventuelt ein mastergrad.
Krav til bachelorgraden i Petroleum- og prosessteknologi er ei spesialisering på til saman 90 eller 110 studiepoeng avhengig av om studentane vel ei fordjuping i prosessteknologi eller petroleumsteknologi.
For dei som vel ei fordjuping i petroleumsteknologi inneheld spesialiseringa emna: PTEK100, MAT112, MAT121, KJEM110, KJEM210, PHYS111, PHYS112, GEOL101, GEOL260, PTEK211 og PTEK212.
For dei som vel ei fordjuping i prosessteknologi inneheld spesialiseringa emna: PTEK100, MAT112, MAT121, KJEM110, KJEM210, PHYS111, PHYS114, PTEK202 og PTEK203.
Studentar utan 2KJ tar KJEM100 før KJEM110. MAT101 eller MAT111 er obligatorisk. MAT111 vert tilrådd alle, studentar med svak matematikkbakgrunn frå vidaregåande skole vert tilrådd å ta begge emna (gir til saman 15 SP).
Generelle valemne som er nyttige i begge spesialiseringane er: MAT131, MAT160, MAT212, STAT110, STAT200, INF109, og PHYS113. Elles bør valemne velgast i forhold til planlagt fordjuping og eventuell masterstudium. Tilrådde valemne innan petroleumsteknologi er: PTE214, PTEK218, PHYS114, MAT236, MAT252, MAT254, KJEM202, KJEM203, GEOF161, GEOF296, GEOL103, GEOL104 og GEOL107. Ved å ta emna GEOL104 og GEOL107 kan du kvalifisera deg til å ta eit masterprogram i geologi. For prosessteknologi er tilrådde valemne: PHYS112, MNF170, PTEK205, PTEK226, PTEK231, PTEK251, KJEM130 og KJEM220.
Petroleumsrelatert industri vil i åra framover trenge ein ny type kompetanse som reflekterer både samfunnsutviklinga og dei problemkompleksa som industrien strevar med. Det vil bli lagt stadig større vekt på å utvikle ein tverrfagleg, interaktiv og ikkje minst internasjonal profil.
Forskingsbasert og tverrfagleg utdanning er det som trengst for å gi den rette faglege bakgrunnen for å løyse dei utfordringane som petroleumsnæringa kjem til å støyte på. Alderssamansetjinga innanfor den internasjonal petroleumsindustrien er også eit teikn på at det er sterkt behov for nyrekruttering. Utdanninga kvalifiserer deg til eit vidt spekter av stillingar i oljeselskap og serviceselskap i oljenæringa, innanfor både leiting og produksjon av olje og gass, og innanfor vidareforedlinga av petroleumsprodukta i prosessindustrien. I tillegg til olje- og gassindustrien finst det også jobbar innan kjemisk, metallurgisk og mekanisk prosessindustri. Dessutan vil det vere eit behov for kvalifisert personell hjå styresmaktene til å styre og evaluere oljeaktiviteten.
Dersom du ønskjer eit utanlandsopphald under bachelorstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar. Det finst i dag konkrete avtaler med University of Alberta (Canada), University of Edinburgh (Skottland) og University of Western Australia. Det er også mogleg å få eit opphald ved UNIS, der det er tilbod om fleire emne innanfor arktisk geofysikk, geologi, biologi og teknologi. Dersom du tek valemna dine på UNIS, vil du få ein del kunnskap om korleis det er å drive oljeverksemd i kalde område. Det passer best å ta utanlandsopphald i det 5. eller 6. semesteret.
Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar.ppt@ift.uib.no.