Studieprogram: BAPS-AOP Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi - Høst 2014




Mål og innhald

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.

Fagleg innhald:

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, sjukefråver og helse i arbeidslivet.

Målet med studiet er å utdanne kandidatar som kan få verksemder til å skjøne at menneske er den viktigaste ressursen dei har. Denne synleggjeringa skjer ved at ein peikar på nytten av verdiskaping, helse og livskvalitet. Utdanna kandidatar skal gjennom sine kunnskapar kunne hjelpe verksemder til å utvikle sine tilsette både med omsyn til yteevne og sjølvrealisering.

 

Læringsutbyte

 

Ein kandidat med bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Det psykologiske

fakultet, Universitetet i Bergen skal:

 

Kunnskapar

 

organisasjonspsykologi.

studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.

 

Ferdigheiter

 

 

Generell kompetanse

 

Krav til forkunnskapar

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi, til saman 30 studiepoeng. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Førstesemesteret er obligatorisk, men kan etter søknad erstattast av andre godkjende førstesemesterkombinasjonar.

Fageining og spesialisering

Spesialiseringa utgjer 120 studiepoeng og er satt saman av:

Alle emna som inngår i spesialiseringa er obligatoriske for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Emne innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora vert tilrådd.

Krav om rekkefølgje - emne

PSYK101, PSYK102, PSYK202B, PSYK110 (tidligare PSYK103 og PSYK104) og PSYK106 må vere bestått før ein kan ta PSYK201: Bacheloroppgåve

Vurdering / Eksamensformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer. Eksamensformene vil vere skriftlege (skule- og heimeeksamen) samt munnlege presentasjonar og høyringar.

Yrkesvegar

Programmet gir kompetanse om det å skjøna og utvikle menneske, grupper og organisasjonar. Studiet tek sikte mot å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsarenaen, slik at kandidaten - i rolla som leiar, medarbeidar eller rådgjevar får ein adekvat kompetanse til å skjøna, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar, innkludert det å førebyggje belastningar og løyse konfliktar.

Ulike målgrupper kan nytte studiet for ulike typar yrkesløp:

Vidare studium:
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/høgskular.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 100 sider per 15 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Det vil bli gitt tilrådingar med omsyn til studiestader i utlandet, helst stader fakultetet allereie har etablert kontakt med. I tillegg føreligg tilbod innan NORDPLUS, ERASMUS og SOKRATES programma for studentutveksling

Oppstart

Haust.

Søknad til studiet skjer gjennom samordna opptak (SO), 15 april.

Planforslag

1. semester:

2. semester:

3. semester:

PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 stp)

4. semester:

5. semester:

6.semester:

Meir informasjon

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultetet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/Høgskular.