Studieprogram: BAPS-PSYK Bachelorprogram i generell psykologi - Høst 2014




Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i generell psykologi skal gje deg generell og teoretisk kunnskap innan dei utvalde psykologiske basalområda (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi) med høve til fordjuping i utvalde fagfelt.

Studiet skal også gje deg kunnskapar innan generell psykologisk forskingsmetodikk. Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd og kognisjon hos menneske (og dyr). Åtferd er i psykologien forklart med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Studiet skal utvikle dine evner til å identifisere og analysere mennesket i samspel med omgjevnadane sine. Gjennom lesing og deltaking i førelesingar og seminar vil du bli kjend med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget.

Bachelorprogrammet har et omfang på tre år (180 studiepoeng).

 

Læringsutbyte

Ein kandidat med bachelorgrad i generell psykologi frå Det psykologiske fakultet,

Universitetet i Bergen skal:

 

Kunnskapar

 

måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.

 

Ferdigheiter

 

og etiske retningsliner.

 

Generell kompetanse

 

fagfeltet.

tråd med etiske krav og retningsliner.

 

 

 

 

 

Opptakskrav

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse.

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er på 30 studiepoeng og er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Førstesemesteret er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpasning av andre emne.

Obligatoriske emne

Spesialiseringa i generell psykologi er på 90 studiepoeng (1 ½ års studium) er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for videre opptak til masterstudium. Alle andre obligatoriske emne må vere gjennomført seinast same semester som PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det psykologiske fakultet har planlagt i denne samanheng eit tilbod av tilrådde emne og kombinasjonar som er nyttige saman med dei obligatoriske elementa og som kan utgjere ei ytterligare spesialisering innan retningane skule, helse og næringsliv. Desse emna er særskild anbefalt: PSYK106, PSYK110 og PSYK109. Det vert ellers anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, samfunnsvitskap.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studenten må ha bestått 1.semestersstudiet (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250:

Studenten må ha bestått PSYK202B seinast same semester som ein tar PSYK250.

Det vert anbefalt å ta emna i følgjande rekkjefølge:

1. semester:

Examen philosophicum (10 sp)
EXFAC03P Examen facultatum (10 sp)
PSYK100 Innføring i psykologi (10 sp)

2. semester:
PSYK101 Generell psykologi 1 (15 sp)
PSYK102 Generell psykologi 2 (15 sp)

3. semester:
PSYK207 Læring og åtferdspsykologi (15 sp)
PSYK208 Affekt og kognisjon (15 sp)

4. semester:
PSYK202B Psykologiske forskingsmetodar B (15 sp)
Valfrie emne (15 sp)

5. semester:
Valfrie emne (30 sp)

6. semester:
Valfrie emne (15 sp)
PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi (15 sp)

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingavtalar, både i og utanfor Europa. Det er ein føremon om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil bli gitt i form førelesingar, seminar, nettbasert undervisningsmateriell, nettbaserte grupper og diskusjonsforum.

Vurderingsformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Grunnlag for vidare studium

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til master i psykologi, og kan også danne grunnlag for opptak til andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, og ved Universitetet i Bergen sine andre fakultet eller andre universitet/høgskuler.

 

Relevans for arbeidsliv

Bunden av fagkombinasjonen vil studiet gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, ulike delar av privat næringsverksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne som inngår i programmet er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Programstyret for årsstudiet og bachelorprogrammet i generell psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Kontakt: post@psyfa.uib.no/55 58 27 10

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i generell psykologi skal gje deg generell og teoretisk kunnskap innan dei utvalde psykologiske basalområda (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi) med moglegheit for fordjuping i utvalde fagfelt.

Studiet skal også gje deg kunnskapar innan generell psykologisk forskingsmetodikk. Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd og kognisjon hjå menneske (og dyr). Åtferd er i psykologien forklart med teoriar som er byggja på vitskaplege metodar. Studiet skal utvikle evnene dine til å identifisere og analysere mennesket i samspel med sine omgjevnader. Gjennom lesing og deltaking i førelesingar og seminar vil du bli kjend med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget.

Bachelorprogrammet i generell psykologi fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Krav til forkunnskapar

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar.

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Førstesemesteret er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpasning av andre emne.

Fageining og spesialisering

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 ½ års studium). Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av og gir deg innsyn i følgjande fag:

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for videre opptak til masterstudium. Alle andre obligatoriske emne må vere gjennomført seinast same semester som PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det psykologiske fakultet har planlagt i denne samanheng eit tilbod av tilrådde emne og kombinasjonar som er nyttige saman med dei obligatoriske elementa og som kan utgjere ei ytterligare spesialisering innan retningane skule, helse og næringsliv. Desse emna er særskild anbefalt: PSYK106, PSYK103, PSYK104, PSYK109 (alle 15 SP). Det vert ellers anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, samfunnsvitskap.

Krav om rekkefølgje - emne

Studenten må ha bestått 1.semestersstudiet (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250:

Studenten må ha bestått PSYK202B seinast same semester som ein tar PSYK250.

Vurdering / Eksamensformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.

Yrkesvegar

Bunden av fagkombinasjonen vil studiet gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, ulike delar av privat næringsverksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Vidare studium:
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til eit mogleg (ikkje vedteken) mastergradsstudium i psykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre universitet/høgskuler.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 1000 sider per 15 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingavtalar, både i og utanfor Europa. Det er ein føremon om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

Oppstart

Haust 2005.
Søknad til studiet skjer gjennom samordna opptak (SO), 15 april.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet, Avdeling for samfunnspsykologi og Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi.

Ønskjer du å vite meir om programmet sjå: http://studere.uib.no/psykologi

eller ta kontakt med studierettleiar: studierettleiar@psyfa.uib.no, tlf: 55 58 27 10

Planforslag

1. semester:

Examen philosophicum (10 sp)
EXFAC03P Examen facultatum (10 sp)
PSYK100 Innføring i psykologi (10 sp)

2. semester:
PSYK101 Generell psykologi 1 (15 sp)
PSYK102 Generell psykologi 2 (15 sp)

3. semester:
PSYK207 Læring og åtferdspsykologi (15 sp)
PSYK208 Affekt og kognisjon (15 sp)

4. semester:
PSYK202B Psykologiske forskingsmetodar B (15 sp)
Valfrie emne (15 sp)

5. semester:
Valfrie emne (30 sp)

6. semester:
Valfrie emne (15 sp)
PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi (15 sp)

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir sjå: studere.uib.no/psykologi

eller ta kontakt med studierettleiar!

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10