Studieprogram: BASV-OFFOR Bachelorprogram i offentlig organisering og ledelse - Vår 2014

Namn på grad

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne medrekna EXPHIL, 150 studiepoeng med emne innanfor ein godkjent fagkombinasjon.

Du må syte for å følgje alle dei obligatoriske emna som blir gitt. Programmet er sett saman av obligatoriske emne frå administrasjon og organisasjonsvitskap, historie, informasjonsvitskap, samfunnsøkonomi og psykologi. Siste semester skal du mellom anna skrive AORG250 Bacheloroppgåva (15 studiepoeng).

Mål og innhald

Offentleg forvaltning har gjennomgått store omstillingsprosessar dei seinare åra. Dette gjer at det blir stilt stadig større krav til kunnskap og analytiske evner hjå tilsette i offentleg forvaltning.

Forvaltningsreformer med vekt på marknadsretting, konkurranseutsetjing, mål- og resultatstyring, fristilling, (del)privatisering, managementtiltak, effektivitet og styring gjennom kontraktar og insentivsystem har utfordra tradisjonelle styringsformer i stat og kommune. Det er eit kjenneteikn ved offentlege forvaltningar at dei inngår i demokratisk styresett som er underlagt folkevalt styring og kontroll. Kryssande omsyn som fagstyreverdiar, deltaking, representasjon, verdiar om rettstaten, innsynsrettar, politisk styring og effektivitet er difor naudsynt. Studiet i offentleg organisering og leiing tar sikte på å gi kunnskap om verdigrunnlag, organisasjonsformer, omstilling, modernisering og fornying i offentleg sektor, og om effektar og implikasjonar av administrative reformer og omstillingsarbeid.

Studiet er tverrfagleg. Statsvitskaplege og organisasjonsteoretiske fag utgjer kjernen, men vert supplert med samfunnsøkonomi, informasjonsvitskap og historie. Studiet munnar ut i ei sjølvstendig bacheloroppgåve der du demonstrerer kunnskapane dine på eit praktisk problem.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing startar første semester med ex.phil., AORG100 og anten SV100 eller ECON100.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., 135 studiepoeng med obligatoriske emne innanfor ein godkjend fagkombinasjon, og 15 studiepoeng valfrie emne. Du må syte for å følgje alle dei obligatoriske emna som blir gitt. Programmet er sett saman av obligatoriske emne frå administrasjon og organisasjonsvitskap, historie, informasjonsvitskap, samfunnsøkonomi og ein valfri spesialiseringsdel. Siste semester skal du mellom anna skrive bacheloroppgåva.

Strukturen i Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing vil sjå slik ut:

1. semester:

EX.PHIL

AORG100

Og eitt av:

ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi

SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

2. semester

INFO110 Informasjonssystem

Og to av:

ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsøkonomi

ECON130 Makroøkonomi I

ECON140 Matematikk for økonomar

3. semester

AORG101 Organisasjonsteori

AORG103 Politikk og forvaltning

4. semester

MET102 Samfunnsvitskapleg metode

Og eitt av:

HIS115 Stat og styring i forvaltninga i Noreg etter 1945

AORG104 Politisk teori og styringsformar

5. semester

Anten 3 av:

ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk

ECON220 Velferdsstatens økonomi

ECON210 Velferd og økonomisk politikk (Føreset ECON110 og ECON140)

ECON230 Makroøkonomi II (Føreset ECON130 og ECON140)

Eller:

PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi

6. semester

AORG250 Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap

Og eitt av:

AORG209 Politisk og organisering

AORG210 Organisasjonsteori

TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

Sp = studiepoeng

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer fyrst og fremst for sakshandsamarar og leiarstillingar i offentlege etatar og selskap, men gir også god bakgrunn for administrativt arbeid i næringsliv, interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar.

Administrativt ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Christiesgt. 17, 5007 Bergen

e-post: studieveileder@aorg.uib.no

tlf: 55582190

fax: 55589890

Mål og innhald

Offentleg forvaltning har gjennomgått store omstillingsprosessar dei seinare åra. Dette gjer at det blir stilt stadig større krav til kunnskap og analytiske evner hjå tilsette i offentleg forvaltning.

Forvaltningsreformer med vekt på marknadsretting, konkurranseutsetjing, mål- og resultatstyring, fristilling, (del)privatisering, managementtiltak, effektivitet og styring gjennom kontraktar og insentivsystem har utfordra tradisjonelle styringsformer i stat og kommune. Det er eit kjenneteikn ved offentlege forvaltningar at dei inngår i demokratisk styresett som er underlagt folkevalt styring og kontroll. Kryssande omsyn som fagstyreverdiar, deltaking, representasjon, verdiar om rettstaten, innsynsrettar, politisk styring og effektivitet er difor naudsynt. Studiet i offentleg organisering og leiing tar sikte på å gi kunnskap om verdigrunnlag, organisasjonsformer, omstilling, modernisering og fornying i offentleg sektor, og om effektar og implikasjonar av administrative reformer og omstillingsarbeid.

Studiet er tverrfagleg. Statsvitskaplege og organisasjonsteoretiske fag utgjer kjernen, men vert supplert med samfunnsøkonomi, informasjonsvitskap og historie. Studiet munnar ut i ei sjølvstendig bacheloroppgåve der du demonstrerer kunnskapane dine på eit praktisk problem.

Oppbygging av studiet

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., 135 studiepoeng med obligatoriske emne innanfor ein godkjend fagkombinasjon, og 15 studiepoeng valfrie emne. Du må syte for å følgje alle dei obligatoriske emna som blir gitt. Programmet er sett saman av obligatoriske emne frå administrasjon og organisasjonsvitskap, historie, informasjonsvitskap, samfunnsøkonomi og ein valfri spesialiseringsdel. Siste semester skal du mellom anna skrive bacheloroppgåva.

Strukturen i Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing vil da sjå slik ut:

1. semester:

EX.PHIL

AORG100

Og et av:

ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi

SV100 Samfunnsvitenskapelige tenkemåter

2. semester

INFO110 Informasjonssystemer

Og to av:

ECON110 Mikroøkonomiske grunnbegrep og markedsøkonomi

ECON130 Makroøkonomi I

ECON140 Matematikk for økonomer

3. semester

AORG101 Organisasjonsteori

AORG103 Politikk og forvaltning

4. semester

MET102 Samfunnsvitenskapelig metode

Og et av:

HIS115 Stat og styring i forvaltningen i Norge etter 1945

AORG104 Politisk teori og styringsformer

5. semester

Enten 3 av:

ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk

ECON162 Organisasjons og ledelsesøkonomi

ECON210 Velferd og økonomisk politikk (Forutsetter ECON110 og ECON140)

ECON230 Makroøkonomi II (Forutsetter ECON130 og ECON140)

Eller 2 av:

PSYK103 Organisasjonspsykologi

PSYK104 Arbeidspsykologi

PSYK106 Personalpsykologi

6. semester

AORG250 Bacheloroppgave i administrasjon og organisasjonsvitenskap

Og et av:

AORG209 Politisk og organisering

AORG210 Organisasjonsteori

TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

Sp = studiepoeng

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing startar første semester med ex.phil., AORG100 og enten SV100 og ECON100.

Fageining og spesialisering

Bachelorprogrammet i offentleg organisering og leiing er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne medrekna EXPHIL, 150 studiepoeng med emne innanfor ein godkjent fagkombinasjon.

Du må syte for å følgje alle dei obligatoriske emna som blir gitt. Programmet er sett saman av obligatoriske emne frå administrasjon og organisasjonsvitskap, historie, informasjonsvitskap, samfunnsøkonomi og psykologi. Siste semester skal du mellom anna skrive AORG250 Bacheloroppgåva (15 studiepoeng).

Yrkesvegar

Studiet kvalifiserer fyrst og fremst for sakshandsamarar og leiarstillingar i offentlege etatar og selskap, men gir også god bakgrunn for administrativt arbeid i næringsliv, interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar.

Programansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Christiesgt. 17

5007 Bergen

e-post: post@aorg.uib.no