Studieprogram: BASV-SØK Bachelorprogram i samfunnsøkonomi - Høst 2018




Namn på grad

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fører fram til graden bachelor i samfunnsøkonomi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte - kort sagt, korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er "rett" billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på http://www.samordnaopptak.noSamordna opptak sine nettsider

 

 

Innføringsemne

Ex.phil, ECON100. Andre ex.fac-variantar kan erstatte ECON100.

Rekkefølgje for emne i studiet

For å få ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi, må du sørgje for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du til en viss grad sjølv). Studiet byrjar med matematikk og innføringsemne, og fortsetter med vidare spesialisering innan samfunnsøkonomi. Ex. phil. vert teken i 3. semester.

Eit bachelorstudium i samfunnsøkonomi inneheld nokre obligatoriske kurs, men mange emne er valfrie. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk). Dei valfrie kursa omhandlar mange ulike tema:

De siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei "frie" studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil då sjå slik ut:

1. semester: ECON100, ECON140/243 og eitt valfritt emne innan samfunnsøkonomi

2. semester: ECON110, ECON130 OG ECON240

3. semester: ECON210, ECON230 OG Ex. phil.

4. semester: ECON290 og to valfrie emne innan samfunnsøkonomi

5./6. semester: Frie studiepoeng, 60 studiepoengpoeng/1 år

 

TOTALT: 180 poeng/3 år

 

 

Delstudium i utlandet

Det finns i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig.

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar, eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting.

Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga). Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis me brukar ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Me undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Me analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte - kort sagt, korleis me kan gjera verda til ein betre stad å vera!

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er rett billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider me med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det lèt seg gjera. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturera problemstillingar for å finna ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Fageining og spesialisering

Alle bachelorprogram byrjar første semester med ex.phil. og innføringsemne for programmet. For å få ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi, må du sørgja for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du til en viss grad sjølv). Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.

Eit bachelorstudium i samfunnsøkonomi inneheld nokre obligatoriske kurs, men mange emne er valfrie. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk). Dei valfrie kursa omhandlar mange ulike tema:

De siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei "frie" studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil då sjå slik ut:

Ex. phil. og innføringsemner, 30 poeng/1/2 år

Spesialiseringsfag, samfunnsøkonomi, 90 poeng/1 1/2 år

Frie fagemne, 60 poeng/1 år

TOTALT: 180 poeng/3 år

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar - i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta.

Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Programansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Administrativt ansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00