Studieprogram: BASV-SOS Bachelorprogram i sosiologi - Vår 2014




Namn på grad

Bachelorprogrammet i sosiologi fører fram til graden bachelor i sosiologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i sosiologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor sosiologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (august)

Mål og innhald

Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve, samtidig som dei sjølve kan endre desse vilkåra gjennom handlingane sine. Gjennom bachelorprogrammet skal studentane utvikle ei grunnleggjande forståing av sosiologifagets teoretiske og metodiske grunnlag. Dessutan skal programmet gje ein generell kunnskap om sentrale problemstillingar og perspektiv innafor nokre sosiologiske temaområde. Slike temaområde er mellom anna utforminga av familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, klasse- og kjønnsbestemte og etniske relasjonar, forholdet mellom økonomi og samfunn, og spørsmål som modernisering og globalisering, livsløp og institusjonell endring.

I løpet av bachelorstudiet vert det skrivi fleire sjølvstendige oppgåver til obligatorisk innlevering. Ved nokre emne må også studenten gje kommentarar på andre studentar sine utkast. Den avsluttande bacheloroppgåva fyller eit halvt semester (15 studiepoeng) og blir utvikla gjennom rettleiing av faglærar. Etter innlevering av bacheloroppgåva gjev studentane ein munnleg presentasjon av denne i eit eige seminar.

Læringsutbyte

Gjennom bachelorprogrammet i sosiologi skal studenten ha tileigna seg følgjande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

Dugleikar

Generell kompetanse

Som eit fremste særtrekk ved læringsutbytet ved universitetsutdanninga skal kandidaten ha utvikla sjølvstende i høve til eigen kunnskap og analytiske ferdigheiter og i høve til eige arbeid og arbeidsmetodar.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil., SOS100 og SV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Obligatoriske emne

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du vel sjølve tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.

Rekkefølgje for emne i studiet

 

 

 

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosiologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga består normalt av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av desse eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for eit toårig masterprogram i sosiologi.

Relevans for arbeidsliv

Sosiologar med bachelorgrad i sosiologi har eit godt kompetansegrunnlag for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne vert du også kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Sjå også her:

http://www.uib.no/sosio/42812/sosiologer-i-arbeid

 

 

 

 

Evaluering

Emna som inngår i bachelorprogrammet vert evaluert med jamne mellomrom.

Administrativt ansvarleg

Sosiologisk institutt; post@sos.uib.no

Mål og innhald

Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklara og fortolka korleis menneska vert forma av samfunnstilhøve, samstundes som dei sjølve kan endra desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreia seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar.

Ved Sosiologisk institutt i Bergen har forsking og undervisning som er knytt til kjønn, makt og ulikskap lange tradisjonar. I tillegg arbeider me mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. I undervisninga vert studentane gjort kjent med aktuelle problemstillingar ved endringsprosessar innan familie og familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, innan klassemessige og etniske relasjonar, og i forholdet mellom økonomi og samfunn.

Innføringsemne

Ex.phil. og innføringsemne for programmet, instituttet anbefaler SOS100 og SV100.

Fageining og spesialisering

Bachelorprogrammet i sosiologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor sosiologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Obligatoriske aktivitetar

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du vel sjølve tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.

Tilrådde valemne

Du må sørgja for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du sjølv). Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.

I løpet av bachelorstudiet kan du velja blant emne som omhandlar:

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei ?frie? studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan velja emne frå andre fag ved universitetet, eller ved utanlandske universitet. Det er også mogleg å supplera med fleire emne frå sosiologi. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad av at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i sosiologi vil då sjå slik ut:

Ex. phil. og innføringsemne, 30 poeng/1/2 år

Spesialiseringsfag, sosiologi, 90 poeng/1 1/2 år

Frie fagemne, 60 poeng/1 år

TOTALT: 180 poeng/3 år

Yrkesvegar

Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, forsking og undervisning på universitet og høgskular. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervisa i skuleverket. Sosiologar arbeider både innan offentleg forvaltning så vel som i det private næringsliv.