Studieprogrammet skal føre fram mot ein Bachelor i folkehelse og helsefremmande arbeid, og normert tid er 3 år (180 sp). Målet med studiet er å sikre samfunnet kandidatar som innehar dei kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansen ein treng for å drive folkehelse- og helsefremmande arbeid på ein kunnskapsbasert måte. Samtidig skal ein gi kandidatane grunnlag for livslang læring, vidare spesialisering og forskarutdanning. Dette tilseier at undervisninga i størst mogleg grad er forskingsbasert, fagleg oppdatert og i tråd med aktuelle endringar i samfunnets og befolkningas folkehelseutfordringar.
Programmet omfattar 3 obligatoriske innføringsemne, 6 obligatoriske fagemne og ei bacheloroppgåve. I tillegg består programmet av 60 valfrie studiepoeng ein kan ta som valfrie emne ved UiB og/eller andre institusjonar t.d. som utvekslingsstudent i eitt eller to semester.
Organiseringa av programmet:
Fyrste semester består av grunnlagsemne. Emne i 2, 3. og 4. semester utgjer ein kjerne av faginnhald innan helsefremmande arbeid. Dei obligatoriske 4. semester- emne byggjer på kunnskapar i dei obligatoriske emne i 2. semester, og det er derfor eit krav at emne PSYK 202 Metode og Hemb 110 Folkehelse og helsefremmande arbeid er gjennomført før ein kan gå vidare med emnet Hemb 210 i 4. semester. I tillegg må ein, for å tilfredsstille kravet til djupe i utdanninga, ta minst tre emne på 200-nivå. Det kan vere at nokre emne/deler av emne vil ha engelsk som undervisningsspråk.
1)Etter å ha fullført bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremmande arbeid ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, skal kandidaten ha:
Kunnskapar om:
- økonomiske metodar ein kan bruke på analyse av helsesektoren.
Ferdigheter i:
Generell kompetanse i:
2) Etter å ha fullført bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremmande arbeid ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, skal kandidaten ha generelle ferdigheter i:
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid.
Førstesemesterstudiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt og om fagspesifikk historie og vitskapsteori. Førstesemesterstudiet utgjer 30 studiepoeng og er satt saman av:
Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
PSYK202 Metode (a + b) (15 sp)
HEMB110 Folkehelse og helsefremmande arbeid (15 sp) (HEMIL)
ECON 121 Helseøkonomi (10 sp) (ØKONOMI)
HEMB201 Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp) (HEMIL/biblioteket)
HEMB210 Settingar og evaluering av helsefremmande arbeid (15 sp) (HEMIL)
HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) (Humanistisk fakultet)
HEMB200 Bacheloroppgåve (15 sp) (Obligatorisk)
Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Studentane kan her få innpass for tidligare godkjend høgare utdanning eller ta godkjende emne på høgare utdanning i utlandet.
PED 114 Utdanning i eit samfunn i endring (15sp)
ECON 100 Innføring i samfunnsøkonomi (10sp)
SOS101 Individ og samfunn (15sp)
AOR204 Profesjon og ekspertise (10sp)
PSYH110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (15sp)
PSYK 101 Generell Psykologi 1 (15sp)
PSYK 102 Generell psykologi 2 (15sp)
PSYK 106 Personalpsykologi (15sp)
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (15sp)
Global helse
Motivasjonspsykologi
Administrasjon og organisasjon
Familiepolitikk
Utviklingsstudiar
Sosiologi
Ingen, men det tilrås at ein følgjer planforslaget.
1. semester: Examen philosophicum, Examen fakultatum frå Det psykologiske fakultet, POH100 eller PSYK 100
2. semester: PSYK202 Metode (a + b) (15 sp) og HEMB110 Folkehelse og helsefremmande arbeid (15 sp)
Det 3., 4., 5. og 6. semesteret inneheld i tillegg til valfrie emne fylgjande emne: ECON 121, HEMB201, HEMB111 og HEMB200 (bacheloroppgåve). Normalt gjennomfører ein HEMB 200 i 6. semester, men etter søknad kan ein vurdere å gi kandidatar moglegheit til å gjennomføre HEMB 200 (bacheloroppgåve) i 4. eller 5. semester.
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved andre universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet (sjå oversikta under oppbygging). Fleire av våre studentar har hatt svært utbytterike opphald ved andre universitet.
studierettleiar.psyfa@uib.no
55 58 27 10
Bachelor i helsefremjande arbeid skal gje studentane kvalifikasjonar innan folkehelsearbeid, særskild helsefremjande og førebyggjande arbeid. Studentane skal tileigne seg oversyn over helsetilstanden i befolkninga på viktige område som fysisk og psykisk helse, samt risikofaktorar og ressursfaktorar for helse. Studiet rettar fokus mot samfunn og individ, lovgjevnad, økonomi og kva dette har å seie for helse og sjukdom hjå menneske. Studentene skal vidare vere i stand til å vurdere verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, og ha innsyn i utvikling og evaluering av ulike tiltak.
Graden er eit samarbeidsprosjekt mellom Det psykologiske fakultet, Det samfunnsvitskaplige fakultet og Det humanistiske fakultet.
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid.
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.
I undervisninga vert det nytta varierte læringsformer som førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Einskilde emne vil nytte "Problembasert Læring" (PBL) som læringsform. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking i undervisninga i form av diskusjon og framlegg av eige og grupper sitt arbeid.
Førstesemesterstudiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt og om fagspesifikk historie og vitskapsteori. Førstesemesterstudiet utgjer 30 studiepoeng og er satt saman av:
Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:
Alle emna som går inn i spesialiseringa er obligatorisk for graden. PSYK202A kan etter søknad erstattast med tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Ingen, men det tilrås at ein følgjer planforslaget.
I samband med kvart einskilde emne vert det gitt skriftlege oppgåver eller eksamenar. Ved godkjenning av emne er deltaking i øvingar, presentasjonar og aktivitetar som kursleiaren fastsett ein føresetnad.
Utdanninga opnar for yrkesmoglegheiter i helseforvaltninga og frivillige organisasjonar. Studiet vil også gje kompetanse for tilsetjing innan skule og anna arbeidsliv der kunnskapar om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.
Vidare studium:
Studiet vil gje grunnlag for opptak til den internasjonale "Master of Philosophy in health promotion" utdanninga og Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet. Det arbeidast aktivt med å leggje til rette for at studiet skal kunne kvalifisere til andre masterstudium ved dei samarbeidande fakultetane.
Studentane oppmodast til å ta to eller fleire emne à 15 studiepoeng ved utlandske universitet. Desse vil erstatte nokre av dei valfrie emna. Avdeling for utdanning og helse har samarbeid med universitet i Europa som tilbyr Bachelorutdanning i helsefremjande arbeid og kan hjelpe med utvekslingsopphald her. Utanom desse vil studentutvekslingsdelen innan ERASMUS-, NORDPLUS- og SOKRATES-programma vere aktuelle.
1. semester:
2. semester:
3. semester:
4. semester:
5. semester:
6. semester: