Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Målet for emnet er å utvikle kunnskap hos studentane om molekylærbiologiske metodar som blir brukte i diagnostikk, karakterisering av sjukdomsframkallande mikroorganismar og vertsrespons hos fisk og andre oppdrettsartar. Denne kunnskapen utviklast gjennom laboratorieoppgåver, førelesingar, diskusjonar og journalføring.
Emnet gjev ei praktisk innføring i bruk av sentrale metodar. Studentane skal lære å bruke reagensar og utstyr ved eiga erfaring, og forstå korleis enzymreaksjonar og molekylære interaksjonar kan brukast for å undersøke blod og vevsprøver frå fisk. Nokre metodar vil bli gjennomgått som demonstrasjon/førelesing på laboratoriesalen.
Deltaking på kurset er obligatorisk. Kurset varar i tre veker, og består av ei førelesning på måndagar, fulle dagar med praksis frå tysdag til torsdag, og eit seminar på fredagane. Totalt fem rapportar skal leverast inn: ein etter den første veka, og to etter andre og tredje veka. Frist for levering er på sundagar med tilbakemelding på følgene torsdagar.
Ferdigheiter
Studenten kan utføre
Generell kompetanse
Studenten har kjennskap til sentrale molekylærbiologiske teknikkar og teorien bak desse.
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til Profesjonsstudiet i fiskehelse ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Opptakskrav: gjennomført grunnemne i biologi/fiskehelse
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre semester, inkludert semesteret aktiviteten blir avlagt i.
Emnet eigast av Institutt for biovitenskap.
Kontakt: