Emner: BINF301 Genom-skala algoritmar - Vår 2024




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek

Undervisningssemester

Vår.

Mål og innhald

Emnet gi ei innføring i teknologiar, metodar og algoritmar som er brukt i genomikk. Høg-kapasitets sekvenseringsteknologiar har revolusjonert genomikk fagfeltet og gjort det mogleg å rekonstruere genomer, epigenomer og transkriptomer på tvers av populasjonar og på enkelt-celle nivå. Desse omics-teknologiane gir oss unik innsyn i korleis livet fungerer, men analysen av desse datasetta er ei stor bioinformatisk utfordring.

Emnet er delt opp i to delar. Den første delen gir ei oversikt over lange og korte sekvenseringsteknologiar og bruksområder, herunder global biodiversitet, meta-genomikk, enkelt-celle sekvensering, epigenetikk, og medisinsk genomikk.

Den andre delen av emnet fokuserer på dei nyaste algoritmane og data strukturane for å prosessere og analysere data frå høg-kapasitets sekvensering, og bruk av maskinlæringsmetodar for å integrere og få biologisk innsikt frå stor-skala omics-data. Desse teknologiane omfattar de Bruijn grafar, "genome assemblers", Burrows-Wheeler" transformasjon, og "suffic arrays" for genom indeksering og identifisering av gjentak sekvensar ("repeats"), og metodar for gruppering og nettverksrekonstruksjon frå tidsseriedata og populasjonsbaserte -"omics" datasett. Ei innføring i kompleksiteten av algoritmar og ein samanlikning vil også bli presentert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdighetier og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

Ferdigheter

Studenten kan

Generell kompetanse

studenten kan

Krav til forkunnskapar

INF100, BINF100

Tilrådde forkunnskapar

Vere i stand til å implementere enkle algoritmar i eit programmeringsspråk ein veljar sjølv (fortrinnsvis Python, Java, R eller Perl). Ein grunnleggande forståing for algoritmar og effektiviteten deira samt statistikk er naudsynt.

God bakgrunn innan algoritmar er anbefalt, tilsvarande minst INF102. I tillegg er ein god bakgrunn innan bioinformatikk anbefalt, tilsvarande BINF200, BINF201.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og studentøvingar

Førelesningar, 4 timar per uke

Studentøvingar, 2 timar per uke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 1 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Karakterskalaen A-F blir nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Emnet eigast av Institutt for informatikk.

Kontakt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudieveileder@ii.uib.no