Emner: BIO103 Cellebiologi og genetikk - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.
Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.
Mål og innhald
Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ei kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førde vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overførd frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.
I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.
Emnet vil bli undervist første gang våren 2013, og er obligatorisk i bachelorgraden i biologi for studentar med ny studieplan (tatt opp f.o.m. hausten 2011).
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten:
- Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggesteinane og være fortrolig med hvordan, når og hvor biomolekyl påvirker hverandre
- forstå organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar
- demonstrere kunnskap om metabolisme, energiomsetning, fotosyntese, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organisert med omsyn til cellulære strukturar
- demonstrere kunnskap om det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon
- demonstrere kunnskap om mitosen og grunnleggande forståing for korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
- kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen
- kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv
- forstå det kromosomale og molekylære grunnlaget for genetisk arv, og kunne forklare korleis informasjon vert overførd frå genar til RNA og vidare til proteiner, og korleis uttrykk av genar vert regulert
- ha kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmider) og korleis dei formeirar seg og vert overførde frå celle til celle
- ha kunnskap om bioteknologisk bruk av genetikk og etiske spørsmål knytta til det
- forstå korleis genetikk og differensiering av celler utvikler en organisme
- forstå korleis genom evolverer
- forstå grunnlaget for eksperimentelle forsøk, ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om sikkerheit på laboratoriet.
- kunne analysere og tolke eksperimentelle data
- kunne gi klar og konsis vitskapeleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på laboratoriekurs, kollokvier og godkjent kursjournal.
Labjournalen teller 30% av totalkarakteren.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (endret vår 2016).
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Labjournal teller 30% av totalkarakter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Lærebok: Neil A. Campbell and Jane B. Reece. Biology, 8. Ed. ISBN: 0-321-54325-4. Kapittel 6 - 21,35, 47 (Ca. 280 sider). Kurskompendium.
Merk at endringar i pensum kan førekomme. Dette blir opplyst om ved kursstart.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.
Kontaktinformasjon
Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no