Emner: BIO103 Cellebiologi og genetikk - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: grønn). Emnet blir undervist første gong våren 2013.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ei kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førde vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overførd frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.

I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Emnet vil bli undervist første gang våren 2013, og er obligatorisk i bachelorgraden i biologi for studentar med ny studieplan (tatt opp f.o.m. hausten 2011).

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bestå av førelesningar (32t), laboratorieundervisning (32t, 6-7 eksperimenter) og gruppearbeid. Studentane skal føre inn resultat og svare på spørsmål i kurskompendiet. For eit eksperiment skal de skrive fullstendig laboratoriejournal, som skal godkjennast. Gruppearbeid (5 studentar per gruppe) der ein kan velja mellom to typar: 1) Teoretisk; Litteraturstudium om eit tema relatert til det teoretiske pensum. 2) Praktisk; Kort hospitering i en forskningsgruppe. Begge typene gruppeaktivitet avsluttast med ein kort skriftleg rapport og/eller presentasjon for medstudentane.

Førelesningar/ 2 timar pr veke i 16 veker.

Laboratorieundervisning/ 8 timar per veke i 3 veker (eller 6 timar per veke i 4 veker).

Gruppearbeid/ 20 timar totalt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Deltaking på laboratoriekurs og godkjent kursjournal.labjournalen teller 30% av totalkarakteren.

Vurderingsformer

 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel: kalkulator.

I semester uten undervisning vil det være muntlig eksamen dersom det er færre enn 10 studenter som melder seg opp.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Lærebok: Neil A. Campbell and Jane B. Reece. Biology, 8. Ed. ISBN: 0-321-54325-4. Kapittel 6 - 21,35, 47 (Ca. 280 sider). Kurskompendium.

Merk at endringar i pensum kan førekomme. Dette blir opplyst om ved kursstart.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Kontakt Institutt for biologi, studie@bio.uib.no