Emner: BIO103 Cellebiologi og genetikk - Vår 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår.

 

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

 

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ei kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førde vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overførd frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.

I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Emnet vil bli undervist første gang våren 2013, og er obligatorisk i bachelorgraden i biologi for studentar med ny studieplan (tatt opp f.o.m. hausten 2011).

Læringsutbyte

  Etter fullført emne skal studenten:

 

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Deltaking på laboratoriekurs, kollokvier og godkjent kursjournal.

Labjournalen teller 30% av totalkarakteren.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (endret vår 2016).

Vurderingsformer

 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Labjournal teller 30% av totalkarakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Lærebok: Neil A. Campbell and Jane B. Reece. Biology, 8. Ed. ISBN: 0-321-54325-4. Kapittel 6 - 21,35, 47 (Ca. 280 sider). Kurskompendium.

Merk at endringar i pensum kan førekomme. Dette blir opplyst om ved kursstart.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no