Emner: BIO271 Fiskesykdommer - Virologi - Høst 2024




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Emnet gir ei basal innføring i virologi og epizootiologi med spesiell vekt på fiskevirus og deira verknad på verten (patologi). Diagnostikk og profylakse vert gjennomgått.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Gjennomført grunnemne i biologi/fiskehelse

Tilrådde forkunnskapar

MOL100

Studiepoengsreduksjon

10 sp MAR271

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon og semesteroppgave. Gyldig i 6 semester.

Vurderingsformer

Mappeevaluering av presentasjonar, semesteroppgave (30%) og ein munnleg eksamen (70%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Emnet eigast av Institutt for biovitenskap.

Kontakt: studie@bio.uib.no