Haust.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på
Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på
Emnet Fiskebiologi II - fysiologi gjev ei innføring i funksjonelle fysiologiske tilpassingsmekanismar til fisk i forhold til sitt miljø. Studenten bør difor ha forståing for grunnleggjande fysikk og kjemi i forhold til desse mekanismane og til miljøet. Ein viktig del av faget omhandlar funksjonelle fysiologiske reguleringsmekanismar. Emnet er tilpassa ei vidare fordjuping innan fiskebiologi.
Emnet gjev ei innføring i følgjande grunnleggjande fysiologiske prosessar hjå fisk: ione- og osmoregulering, syre-basebalanse, smoltifisering, endokrinologi, stress, immunologi, symjing og eigenvektsregulering, hjarte-karsystem og sirkulasjon, respirasjonsmekanismar, gasstransport, sansing, melting (fordøyelse), energetikk og vekst, reproduksjon, fiskeegg- og larven sin fysiologi, immunologi og tilpassingar til temperatur.
Ved fullført emne BIO291 skal studenten kunna:
- presentera og forklare sentrale fysiologiske prosessar hjå fisk
- illustrera fysiologiske prosessar og tilpasningar med døme
- drøfte korleis ulike fysiologiske prosessar vert regulere
- forklare korleis ulike fysiologiske prosessar er tilpassa miljøet fisken lever i
Laboratoriekurs m/journal. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 semestre. Studentar som har teke emnet tidlegare og skal kun ha ny eksamen er friteke for krav om laboratoriekurs, men kurset inngår som pensum