Emnet gir innføring i sentrale feltmetodar i marinbiologi. Forelesingane gir innsikt i val av metodar for studie av i) økologi i strandsona, ii) vertikal døgnvandring og iii) blautbotnfauna. I felt demonstrerer ein korleis reiskapen vert brukt til å samla inn makroalgar, krepsdyr og fisk, og ein gir opplæring i korleis ein opparbeider innsamla materiale. Det blir også demonstrert bruk av ekkolodd til å observere aggregering av organismar i vassøyla, samt måleutstyr for å registrere miljøvariablar som salt, temperatur, oksygen og lys.
Deltaking på forskingsbåt krev helseerklæring. Utgiftene til helseerklæringa vil bli dekka av kurset, medan studentane sjølve betaler ein eigendel kr 200 pr døgn for kost og losji.
Emnet har eit avgrensa tal plassar. Studentar med emnet som obligatorisk i studieplan sin, vil bli prioriterte.
Feltkurs og feltrapport