Emner: BIO311 Systematikk og biologi til alger - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Høst. Første gang høst 2013.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal få ei god oversikt over utviklingslinjene innan algar, og ei innføring i systematikk, fylogeni, biogeografi og biologi. Artar, både mikroalgar og makroalgar, vil bli nytta som døme ved gjennomgang av ulike algegrupper. Emnet skal også gi ei oversikt over den fysiologiske tilpassinga av ulike algegrupper til det miljøet dei lever i. Emnet vil bli belyst med forelesingar, eit fordjupingsseminar, feltaktivitet og laboratorieaktivitet, der det vil bli gjennomført laboratorieforsøk med fotosyntese og vekst hos eincella algar.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne:

1. Gi ein oversikt over utviklingshistorien til dei viktigaste algegruppene og gjere rede for viktige teorier og hypotesar i samband med dette

2. Gi ein oversikt over systematiske grupper innan viktige algegrupper, med døme, og dei viktigaste karakterane som sameinar og skil desse

3. Ha tileigna seg basis kunnskap om biogeografiske regionar og kunne gi ein biogeografisk oversikt over viktige algegrupper

4. Gi ein oversikt over teoribakgrunnen for algefysiologi og korleis miljøfaktorar verkar inn på funksjonar, vekst og overleving til algar

5. Beskriva korleis algegrupper er tilpassa det miljøet dei lever i

Krav til forkunnskapar

Bachelor i biologi eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar. Ingen hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studie@bio.uib.no