Emner: BIO370 Celle- og utviklingsbiologi - Vår 2018
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Undervisningssemester
Vår.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.
Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.
Mål og innhald
Emnet gir ei grundig innføring i embryologisk utvikling hos ulike dyregrupper, inkludert vev- og organdanning, og korleis ulike molekylære prosessar styrer organismen si utvikling. Emnet gir òg ei praktisk innføring i utviklingsbiologiske teknikkar. Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar.
Læringsutbyte
Ved fullført emne BIO370 skal studenten kunne:
- greie ut om sentrale omgrep og problemstillingar innan utviklingsbiologi og kva teknikkar ein brukar for å studere desse.
- gjere greie for fellestrekk og ulikskapar i embryonal utvikling hos ulike dyregrupper.
- kjenne igjen ulike utviklingstadium og kunne greie ut om utvikling av ulike organsystem og celletypar.
- forklare cellulære og molekylære mekanismar i utvikling av organismar.
- ha ferdigheiter til å gjere forsøk og studere embryoutvikling med molekylære metodar.
Krav til forkunnskapar
Obligatoriske deler av bachelor i biologi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forelesingar, laboratoriekurs m/journal og semina. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen (60%), seminar (10%) og kursjournal (30%).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.
Kontaktinformasjon
Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no