Emner: BMED302 Organhistologi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi kunnnskap om organa si mikroskopiske oppbygging. Samstundes relaterar vi denne kunnskapen til dei ulike organa sine funksjonar. Studiet er basert på teoretisk gjennomgang av dagens tema med påfølgjande studium av mikroskopiske preparat.

Av dei hovudområde som vert undervist er hjertet og blodkar, lymfoide organ, milt og thymus, urinorgana, respirasjonsorgana, reproduksjonsorgan, dei endokrine organa og fordøyelsesystemet. Journalføring med teikning av preparat er ein viktig og tidkrevande del av emnet.

Læringsutbyte

Studentane skal etter endt kurs forstå den mikroskopiske bygninga av dei indre organa, slik at dei har eit godt grunnlag for vidare studium av medisinske fag og eit godt grunnlag for sjølv å kunne tilrettelegge og gi undervisning i desse emna.

Krav til forkunnskapar

Emnet set føre kunnskap i cellebiologi og mikroskoperingsteknikk, og byggjer på emnet Grunnleggjande histologi (BMED301).

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande biologikunnskapar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, spørjetimar, histologikurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Histologikurs med godkjent journal.

Vurderingsformer

2 timars skriftleg eksamen + praktisk histologieksamen.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

HUB330, MED1ANA (histologidelen)

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

 

Emneansvarleg:

Stein Ove Døskeland, http://uib.no/personer/Stein.Doskeland