Emner: BMED310 Vitenskapsteori og forskningsetikk - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet er:

1. Å gje studentane ei innføring i vitskaplege tenke- og arbeidsmåtar og grunnlagsproblem innan medisinsk biologi.

2. Å gje studentane ei innføring i sentrale forskings- og vitskapsetiske spørsmål innan medisinsk-biologisk forsking, inkludert forholdet mellom medisinsk biologi, bioteknologi og samfunn.

3. Å utvikla studentane sine evner til kritisk lesing av vitskapelig originallitteratur.

4. Å gje ei innføring i HMS-aspekt knytta til eksperimentell forsking innan medisinsk biologi.

Emnet skal førebu studentane på overgangen frå lågaregradsstudier til eiga deltaking i forskingsverksemd på mastergradsstudiet. Dels skal dei ta del i kritisk lesing, presentasjon og diskusjon av vitskaplege originalartiklar, og dels får dei ei innføring i sentrale grunnlagsproblem innanfor medisinsk biologi, mellom anna reduksjonismeproblemet. Vidare inngår forskings- og vitskapsetikk, samt HMS-aspekt ved eksperimentell forsking. Det vert lagt vekt på aktiv deltaking, der både læring og evaluering vil skje mellom anna gjennom munnleg framlegging av litteratur og eiga semesteroppgåve, som kan velgjast fritt innanfor kurset sine sentrale mål, i samråd med faglærar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

Ferdigheiter og generell kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande biologikunnskapar samt vitskapsfilosofi tilsvarande examen philosophicum.

Krav til studierett

Masterprogram i medisinsk biologi eller masterprogram i ernæring - Human ernæring.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar og rettleiing av semesteroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte til undervisinga.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og munnlege presentasjonar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

HUB310

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.

Kontaktinformasjon

mailto:studie@biomed.uib.no

mailto:studie@biomed.uib.nostudie@biomed.uib.no

Emneansvarlig Inger Haukenes mailto:inger.haukenes@fhi.no

mailto:inger.haukenes@fhi.noinger.haukenes@fhi.no