Emner: DASP106 Statistikk og kognisjonsforskning - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og para og upara t-test, samt ikkje-parametriske testar som ikkje har normalfordeling som føresetnad: Mann-Whitney U-test, Wilcoxon og kji-kvadrat og krysstabelltest. Studentane vil bli kjent med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.

Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for statistisk evaluering av statistisk signifikans, og relevans. Undervisninga er lagt opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap, ved hjelp av språkleg relevante eksempel. Dei skal óg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei spesifikke måla blir nådd gjennom deltaking i undervisninga, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar, samt øving ved datamaskin med statistikkprogram. Samla undervisning utgjer 20 timar, fordelt mellom 14 timar førelesningar, og 6 øvingstimar.

Emnet består av oversiktsseminar over sentrale omgrep innan statistikk, med eksempel innan det språkvitskaplege forskingsfeltet. Det vert opna opp for diskusjon kring vanskelege omgrep, og rettleiing kring korleis data formaterast for automatisk prosessering med hjelp av statistikkprogrammet. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar ved datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering i programmet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal bli dekka av førelesningar og seminar, eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på undervisningsseminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve.

Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen, med løysing av statistisk analyse og rapportering av funn. Omfanget skal vere på om lag 3000 ord. Den praktiske øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til heimeeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Fagleg overlapp

DASP302: 5 studiepoeng.

DASP106 blir gitt som ein del av DASP302 Statistisk metode. DASP302 held fram med meir avansert analyse, mellom anna variansanalyse.

Litteraturliste

Pensum er totalt på ca 300 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no