Bachelor
Haust
Emnet gjev ei innføring i koding av tekst og tale, i elektroniske språkressursar (spesielt korpus), i språkprosessering og i språkteknologiske bruksområde.
Studenten skal ha skaffa seg tilstrekkeleg oversyn over måtar å behandle språk på datamaskin på til å vurdere kritisk moglegheitene som databehandling byr for lingvistiske studium og for prosessering av språk på nokre praktiske bruksområde, som t.d. omsetjing. Studenten blir sett i stand til å kode tekst og søkje i tekstkorpus.
Undervisninga føreset EXFAC00SK.
Førelesingar og øvingar på datamaskin.
Om lag 3 timar pr. veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Gjennom semesteret får studentane eit sett med praktiske øvingsoppgåver på datamaskin. Desse oppgåvene blir vurderte samla som godkjend/ikkje godkjend.
Emnet blir avslutta med ei skriftleg prøve på 3 timar. Dei praktiske øvingsoppgåvene må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til den skriftlege prøva.
Karakterskala A-F.
DASP108 (5 stp. : DASP107 er ein del av DASP108.)
Pensum består hovudsakleg av ei innføring i tekstkoding, korpuslingvistikk og språkteknologi. I samband med øvingane på datamaskin får studentane tilgang til elektroniske språkressursar.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no