Emner: DASP109 Språk på verdensveven - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Målet til kurset er å auke forståinga for korleis språk er representert på digitale IKT-plattformar, spesielt på verdsveven. Kurset gjev ei innføring i tekstkoding (unicode, alfabet), sgml-baserte format (html, xml) og redigering med teksttransformasjonar (xsl, css). Det er eit mål å førebu studentar til vidare studium i prosessering av digitalt språk og informasjon på nett.

Læringsutbyte

Etter at studentane har fullført emnet, skal dei kunne

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar og praktiske øvingar. Studentane skal på ein effektiv måte:

Undervisninga har eit omfang på om lag 2 timar pr. veke i 8-10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Mappeevaluering: studenten skal utføre og levere eit sett obligatoriske oppgåver i løpet av semesteret som skal utførast og vurderast på følgjande måte:

a) 5 arbeid skal vera med i mappa og leverast inn til vurdering;

b) arbeida har form av konkrete øvingar og omfanget på kvart arbeid er ca 1/2 til 1 side pluss evt. tilhøyrande data i vedlegg;

c) rekkefølgja for innlevering av dei einskilde arbeida er fast;

d) innleveringsfristane for arbeida er 5 dagar etter 2., 4., 6., 8. og 10. undervisningstime;

e) arbeida skal leverast inn digitalt på Mi Side;

f) alle arbeida skal danne grunnlag for karakteren;

g) alle arbeida vert vekta likt;

h) kriteria for vurdering av dei aktuelle arbeida som inngår i mappa er korrekthet, fullstendighet, klåre og teoretisk grunnlag;

i) alle hjelpemiddel er tilletne med unntak av det som vert vurdert som plagiat.

Det er ikkje eksamen i det undervisningsfrie semesteret.

Karakterskala

A-F.

Fagleg overlapp

Litteraturliste

Pensum omfattar litteratur innan tekstkoding, digitale språkformat og vevprogrammering.

Pensum består av ca. 100 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no