Emner: DASP252 Datalingvistisk fordypningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor datalingvistikk. Det skal utfylle breiddestudiet på 100-nivå med ytterlegare kunnskapar og dugleikar.

Kva fagområde emnet dekkjer, kan variere frå gong til gong, t.d. avhengig av spesialkompetansen hos forelesaren.

Døme på aktuelle fagområde er diskursanalyse, semantisk og pragmatisk prosessering, grammatikkar og syntaktisk prosessering, maskinlæring, leksikalske databasar, og korpusprosessering. Hovudvekta ligg på metode og teori på området.

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

100-nivå datalingvistikk eller tilsvarande; erfaring innan programmering og statistikk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: omlag 1 dobbeltime i veka. Kan delvis ha seminarform.

Rettleiing på semesteroppgåve.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av bacheloroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve på om lag 4000 ord over oppgjeve emne som omfattar programmering eller annan bruk av datalingvistiske metodar

Karakterskala

A-F.

Fagleg overlapp

Litteraturliste

Pensum vert lagt til rette av førelesar, og består hovudsakleg av aktuelle artiklar innan temaet.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no