Emner: DIDAENG1 Engelskdidaktikk 1 - Høst 2014




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Engelsk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

 

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis engelskfagleg kunnskap kan verte utvikla og relatert til det å vere engelsklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeide med å tilretteleggje for språklæring hjå elevane.

 

Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein sams kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på sams dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.

 

Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i båe modulane:

- Faget sitt potensial og utvikling

- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger

- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring

- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving i skolen. Dei skal setje seg inn i teoriar om språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med læring i engelsk. Dei skal vere i stand til å undersøke elevane si engelskæring og vilkår for engelsklæring i skolen.

 

Studentane skal:

Krav til forkunnskapar

DIDAENG1 bygger på ein fullført bachelorgrad der engelsk inngår på minst 100-nivå.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- 24 timar førelesingar

- om lag 4 timar fellesførelesingar i språkdidaktikk

- Minst 3 timar undervisningsverkstad

- Rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAENG 1 må studentane ha gjennomført 3 obligatoriske aktiviteter innan fastsette tidsfristar.

Dei obligatoriske oppgåvene består av:

framlegging av undervisningsopplegg på undervisningsverkstad, utkast til ein mappetekst i Kark, tilbakemelding på tekstutkastet til ein medstudent.

Vurderingsformer

Mappe som inneheld to tekstar og eit refleksjonsnotat. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til faget sitt læringsmål. Av desse er eit utval sams for språkfaga.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk