Emner: DIDAENG1 Engelskdidaktikk 1 - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
7,5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor eller master
Undervisningsspråk
Engelsk og norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere engelskfagleg kunnskap til det å vere engelsklærar. Særs Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring hjå elevane.
Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein felles kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på sams felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i begge modulane:
- Faget sitt potensial og utvikling
- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger
- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring
- Rettleiing og vurdering
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk.
Kunnskapar
Kandidaten
- har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
- har innsikt i engelsk som dannings- og ferdigheitsfag
- har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
- har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i engelsk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over engelskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til læreplanen for faget og kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
- kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av engelskfaget
- kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei engelskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
- har utvikla innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
- kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i engelsk, irekna den digitale kompetansen
- kan undersøkje og drøfte engelsklæring i lys av kunnskap innanfor dei engelskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
http://www.uib.no/emne/DIDAENG1http://www.uib.no/emne/DIDAENG1 Minimum 60 studieponeg i engelsk.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar, av desse er om lag 4 timar fellesundervisning i språkdidaktikk.
Rettleiing og skolebesøk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen i DIDAENG 1 må studentane ha gjennomført 2 obligatoriske aktiviteter innan fastsette tidsfristar.
Dei obligatoriske oppgåvene er:
- leggje inn utkast til ein mappetekst i Mitt UiB
- gi tilbakemelding på tekstutkastet til ein medstudent
Vurderingsformer
Mappe som inneheld to tekstar og eit refleksjonsnotat. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla i faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programrådet har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no