Emner: DIDAFIL2 Filosofididaktikk 2 - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

DIDAFIL2 skal gje studentane ei fordjuping i filosofiens fagdidaktikk. Emnet skal gje rom for vidare refleksjon over praksiserfaring frå første semester, og for utvikling av undervisningsopplegg til den andre praksisperioden. Eit sentralt tema er samanhengen mellom teoretisk didaktikk (fagets «kva» og «kvifor») og praktisk didaktikk («korleis undervisa i filosofi»).

Emnet vidarefører drøftingar av tilhøvet mellom filosofi som kulturfenomen (filosofihistorie), som temafelt (filosofiske disiplinar) og som metode (kritisk tenkning). Emnet vidarefører refleksjonar over tilhøvet mellom metode og innhald, og tek mellom anna føre seg ulike typer læremiddel i faget.

DIDAFIL2 legg særleg vekt på lese- og skrivedugleikar (td arbeid med originallitteratur i klasserommet og læring gjennom skriving).

Emnet skal styrka grunnlaget for sjølvstendig planlegging, grunngjeving, gjennomføring og vurdering av undervisning i filosofi. Studiet tar sikte på å auke studentanes kompetanse når det gjeld å gjennomføre, vurdere og vidareutvikle eigne dugleikar i forhold til så vel klasseundervisning som individuell rettleiing.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Fullført emne inngår som del av den formelle kvalifikasjonen til undervisningsstillingar i skulen.

Krav til forkunnskapar

DIDAFIL1 (Filosofididaktikk 1), PEDA101 (Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Krav til studierett

For å få tilgang til emnet må studenten være tatt opp ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: 2 timer per veke i 7 veker, totalt 14 timar. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For dei som vel prosjektoppgåve:

 

For dei som vel munnleg eksamen , inntil tre obligatoriske arbeidskrav, som normalt omfattar:

 

 

 

Vurderingsformer

Vurdering som omfattar:

Anten:

1) Ei rettleidd prosjektoppgåve som òg har vore framlagt på seminar (sjå obligatoriske aktivitetar). Oppgåva skal være på omlag 5000 ord.

Eller:

2) Munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit refleksjonsnotat på inntil 1500 ord (sjå obligatoriske aktivitetar).

 

 

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Litteraturliste

Pensumet er samansett av innføringsverk og/eller artiklar som tek føre seg ulike sider ved emnet.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar