Emner: DIDAFRAN2 Fransk didaktikk 2 - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor eller master
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Fransk og norsk
Undervisningssemester
Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Fagdidaktikk i fransk inngår som ein del av universitetet sin fransklærarutdanning. Franskdidaktikk 2 (Didafran2) er ei vidareføring av Franskdidaktikk 1 (Didafran1).
Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i fransk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis franskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere fransklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.
Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.
Studiet består av fire målområder:
- Faget sin eigenart og utvikling
- Teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring
- Tilrettelegging for fransklæring, vurdering og utvikling av elevane si innsikt i eiga læring
- Læraren som forskar i eiga undervisning
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i franskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i fransk og generelt til å videreutvikle egen kompetanse i franskdidaktikk.
Kunnskapar
Kandidaten ...
- har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
- har innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag
- har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
- har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk
Ferdigheiter
Kandidaten ¿
- kan vurdere franskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar.
- har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei måla som er nedfelte i læreplanane.
- har utvikla evne til å støtte elevane i deira arbeid med å lære fransk og lære å lære.
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av franskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i fransk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
- kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i språkdidaktikk
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet
Generell kompetanse
Kandidaten ¿
- kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
- kan undersøkje og drøfte fransklæring i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
- har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i fransk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning.
Krav til forkunnskapar
DIDAFRAN2 byggjer på DIDAFRAN1, pedagogikk i første semester (PEDA101) samt greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
- om lag 24 timar undervisningar fordelt mellom førelesingar og seminar
- Rettleiing og skolebesøk
Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.
Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgande aktivitetar:
- ha teke aktivt del i ein forumsdiskusjon på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksiserfaringar og fagdidaktisk teori (f. eks praksislogg, eller liknande)
- ha delteke i eit etterarbeid knytt til avtalt tema (f. eks. undervisningsopplegg, forskingsprosjekt, e.l.).
Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.
Det er obligatorisk frammøte på minst 75% av undervisningane , og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.
Vurderingsformer
Eksamensforma er en rettleidd prosjektoppgåve eller ein munnleg eksamen med utgangspunkt i digital prosessmappe. Eksamensspråk er norsk eller fransk.
Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på ca 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Den munnlege eksamen varar om lag 30 minutt.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i fransk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
mailto:studieveileder@if.uib.nomailto:studieveileder@if.uib.nomailto:studieveileder@if.uib.nostudieveileder@if.uib.no