Emner: DIDAGEO2 Geografididaktikk 2 - Vår 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og praksis ved ein skule i Bergensområdet.
Mål og innhald
Skulefaget geografi tek føre seg natur og samfunn i eit romleg perspektiv og endringar over tid.
Studiet i fagdidaktikk for geografi tar sikte på å gjere studentane skikka til undervisning i geografi i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet tar utgangspunkt i ulike geografiemne av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser ofte desse i samanheng. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.
Sentralt i faget står bruk av kart både i papirbasert og elektronisk form. Studiet i geografididaktikk skal også gjere lærarane vakne for geografirelaterte hendingar og i stand til å møte og bruke endringane og utviklinga i vår omskiftelege verd.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
- kan drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
- kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
- kan bruke varierte og relevante metoder i den obligatoriske geografiundervisning i den videregåande skule og tilpasse opplæringen i faget, slik at den tar hensyn til elevens faglige nivå, interesse og evne til kritisk tenkning
- kan gi underveis- og sluttvurdering, informere om måloppnåelse og faglege vurderingar
- kan leie og motivere elever både i natur- og samfunnsgeografisk fagleg arbeid
- kan bidra til å skape konstruktive og inkluderende læringsmiljø
- kan gjere greie for, drøfte og samanlikne geografiundervisning i ungdomskule og i videregåande skule
Generell kompetanse
Studenten
- kan grunngje geografifaget sin plass som obligatorisk og valbart skulefag
- kan forklare og grunngje geografifaget som eit dagsaktuelt og demokratibyggjande fag
- kan analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Geografididaktikk 2 byggjer på Geografididaktikk 1 (DIDAGEO1), Pedagogikk første semester (PEDA101) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Krav til studierett
Kurset er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Arbeids- og undervisningsformer
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
1 førelesingar, seminar, øvingar á 2 timer pr. veke. Totalt 20 timer
Veker totalt: 10
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske aktiviteter i DIDAGEO 2
Vurderingsformer
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding skal det veljast eksamensform slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum tilsvarer omlag 375 sider
Emneevaluering
Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi v/ Odd Inge Steen: Odd.Steen@geog.uib.no eller Studieveileder@geog.uib.no