Bachelor og master
Italiensk og norsk
Haust
Bergen
Fagdidaktikk i italiensk inngår som ein del av italiensklærarutdanninga på universitetet. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til elevane si kompetanseutvikling i italiensk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis italienskfagleg kunnskap kan utviklast og relaterast til det å vere italiensklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.
Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein kunnskapsteoretisk samanheng for alle språkfaga og tydeleggjere felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet inneheld fire målområde:
- Faget si legitimering i skolen i dag
- Teoriar om språklæring
- Det å leggje til rette for italiensklæring
- Rettleiing og eigenvurdering
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i italienskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving i skolen. Dei skal setje seg inn i teoriar om språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med læring i italiensk. Dei skal vere i stand til å undersøke elevane si italiensklæring og vilkår for italiensklæring i skolen.
Studentane skal:
kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på italiensk innan fagfeltet.
Italienskdidaktikk 1 (DIDAITAL1) byggjer på ein bachelorgrad med eit faggrunnlag i italiensk som svarar til minst 60 stp på 100-nivå.
Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.
Fagdidaktikken skal relaterast både til praksis i skolen og til fagstudiet.
Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekstar. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon av og framlegging av eigne arbeid.
Studentane får tilbakemelding frå medstudentar og rettleiing frå lærarar på arbeida sine.
Førelesing 18 timar
Seminar 6 timar
Totalt 24 timar
Praksis inntil 5 dagar pr uke/ inntil 7 veker, totalt 60 timar
Eksamensforma er ei rettleidd mappe. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga. I samråd med faglærar kan studentane velje eit visst tal sider knytt til oppgåva.
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
studierettleiar@if.uib.no