Emner: DIDAMEVI2 Mediefagsdidaktikk 2 - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Undervisninga er knytt til studentanes praksis enten i Medie- og informasjonskunnskap eller i Media og kommunikasjon i den vidaregåande skulen.
Overordna læringsmål for emnet er at studentane skal reflektere, problematisere og utvikle egen praksis i lys av mediedidaktisk litteratur.
Andresemesteremnet i mediefagsdidaktikk legg særlig vekt på vurderingspraksis i dei produksjonsorienterte delane av faget, og forholdet mellom teori og praksis i opplæringa.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale mediefagsdidaktiske emne og problemstillingar, særlig forholdet mellom teori og praksis, og utfordringar knytt til vurdering i dei praktisk-estetiske delane av faget.
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk diskutere utfordringar frå praksisfeltet og si eigen praksiserfaring i ljos av mediedidaktisk teori, munnleg og skriftleg.
- kan utarbeide skisser til sjølvstendige undervisningsopplegg, og grunngje stoff- og metodeval ut frå både generelle og konkrete læringsmål.
Krav til forkunnskapar
Mediefagsdidaktikk 2 er et andresemesteremne innanfor den praktisk-pedagogiske utdanninga, og bygger på DIDAMEVI1 Mediefagsdidaktikk 1.
Krav til studierett
Emnet er forbeholdt studenter på Praktisk-pedagogisk utdanning
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir organisert som førelesningar og seminar (16-20 timer).
Undervisninga er knytt opp mot studentanes praksisperiode.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere inn en skisse til et undervisningsopplegg (omtrent 800 ord), og presentere og vurdere opplegget på et av seminara. Se egne retningslinjer.
Vurderingsformer
Rettleia prosjektoppgåve med omfang ca. 3500 ord, eller
munnleg eksamen. Studenten skal diskutere praksisfeltet og egne praksiserfaringar i ljos av emnelitteraturen.
Studentar tatt opp på PPU med mediefagsdidaktikk som einaste didaktikkfag (eitfagsmodellen) har prosjektoppgåve som vurderingsform i DIDAMEVI2.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Jamleg
Kontaktinformasjon
post@infomedia.uib.no