Emner: DIDAPSYK1 Fagdidaktikk i psykologi første semester - Vår 2014




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er til vanleg norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Fagdidaktikk 1 er ein del av første semester i den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Fagdidaktikk omfattar refleksjonar kring eit fag og undervisning i faget. Fagdidaktikken i ulike fag vil ha ulik profil, men ein del sentrale problemstillingar er felles, slik som spørsmål om danning, innhald og metode knytt til kunnskapsutvikling innan faget. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon. Ein del av fagdidaktikken vert dermed også dei praktiske grepa, metodane og teknikkane ein kan nytte i undervisninga i eit fag. Fagdidaktikken tilbyr både innføring i slik metodikk, og problematisering og drøfting av denne.

Studiet i fagdidaktikk for psykologi skal gje studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige fag.

Dei nasjonale valfaga Psykologi A og Psykologi B kan bli tilbudd på alle studieretningar i vidaregåande skule. I studieretning for helse og sosialfag er psykologi eige fag i retninga Barne- og ungdomsarbeid. Valfag i psykologi vil for dei fleste elevar vere deira første innføring i psykologi som fagfelt, og for mange også den einaste formelle opplæring dei får i faget. Læraren sine faglege og fagdidaktiske kunnskapar vil difor ha avgjerande relevans for eleven sin forståing av psykologi som fagfelt, særskild fordi psykologi skil seg ut frå mange andre fag ved å vere både eit forskingsfelt og ein profesjon. Psykologisk forsking dekkjer ein rekkje ulike emneområde med til dels særs ulike metodiske tilnærmingar og vitskapsteoretiske problem. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing av dei fleste aspekt ved menneskeleg åtferd, oppleving og samhandling.

Metodisk har faget stor spennvidde frå laboratorieeksperiment til individuelle kasusstudiar og feltforsking. Profesjonsfaget har hatt ein særskild rolle i fagutviklinga ved sitt direkte arbeid med menneske. Psykologien sine mange disiplinar gjer at det grensar til mange fag, og faget innbyr difor i særskild grad til eit tverrfagleg perspektiv og samarbeid.

Psykologifaget i skulen er ut frå sin eigenart eigna til å utvikle refleksjon over - og realisering av - måla i den generelle delen av læreplanen. Denne legg vekt på at undervisninga tek sitt utgangspunkt i eleven sine føresetnader og søkjer å utvikle eleven sin eigen vekst og sosialisering. Alt dette er tradisjonsrike forskingsfelt innan psykologi. Undervisninga i psykologi gir difor store mogleikar for å gje eleven auka sjølvinnsyn og forståing for mellommenneskelege relasjonar som eit ledd i personleg utvikling og danning.

Læringsutbyte

Læraren og eleven

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader

utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier

Kunnskap:

kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen

ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn

ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag

Generell kompetanse:

kunne kritisk vurdere og nytte bruk av IKT i psykologiundervisninga

 

Læraren og skulen

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid

Kunnskap:

ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar

Generell kompetanse:

utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid

 

Læraren og samfunnet

Studenten skal:

Generell kompetanse:

kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i forhold til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar

kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen overfor elevar, foreldre, kollegaer og andre

kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til økt innsyn i samfunnet si tilrettelegging av born og unge sine oppvekstforhold

utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål

Krav til forkunnskapar

Sjå elles eige opptaksreglement. Det er opptak til studiet kvart semester. Bruk eige søknadsskjema. Ein søkjer om opptak lokalt ved UiB gjennom søknadsweb. Informasjon om søknadsprosedyrar: www.uib.no/ipp

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia eksamensmappe satt saman av to tekstar og eit refleksjonsnotat. Mappa skal ha eit omfang på omlag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Sjå eigne retningslinjer. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Litteraturliste

Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 375 sider

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.