Emnet skal gi kunnskap om sentrale psykologiske emner. Det skal videre gi studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige programfag i vidaregåande opplæring.
Læraren sine faglege og fagdidaktiske kunnskapar vil difor ha avgjerande relevans for eleven sin forståing av psykologi som fagfelt. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing for menneskeleg framferd, oppleving og samhandling.
Desse hovudtemaa vil bli vektlagt:
Ut frå desse hovudtemaa vil følgjande tema bli vektlagt:
Læraren og eleven
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader
utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier
Kunnskap:
kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen
ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn
ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag
Generell kompetanse:
kunne kritisk vurdere og nytte bruk av IKT i psykologiundervisninga
Læraren og skulen
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid
Kunnskap:
ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar
Generell kompetanse:
utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid
Læraren og samfunnet
Studenten skal:
Generell kompetanse:
kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i forhold til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar
kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen overfor elevar, foreldre, kollegaer og andre
kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til økt innsyn i samfunnet si tilrettelegging av born og unge sine oppvekstforhold
utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål
Undervisninga blir organisert i førelesingar/ seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing.
Omfang på førelesingar og seminar:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten: