Emner: DIDAPSYK2 Fagdidaktikk i psykologi andre semester - Høst 2014




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er til vanleg norsk

Mål og innhald

Fagdidaktikk 2 er ein del av andre semester i den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Fagdidaktikk omfattar refleksjonar kring eit fag og undervisning i faget. Fagdidaktikken i ulike fag vil ha ulik profil, men ein del sentrale problemstillingar er felles, slik som spørsmål om danning, innhald og metode knytta til kunnskapsutvikling innan faget. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon. Ein del av fagdidaktikken blir dermed også dei praktiske grepa, metodane og teknikkane ein kan nytte i undervisninga i eit fag. Fagdidaktikken tilbyr både innføring i slik metodikk, og problematisering og drøfting av denne.

Studiet i fagdidaktikk for psykologi skal gje studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige fag.

Dei nasjonale valfaga Psykologi A og Psykologi B kan bli tilbudd på alle studieretningar i vidaregåande skule. I studieretning for helse og sosialfag er psykologi eige fag i retninga Barne- og ungdomsarbeider. Valfag i psykologi vil for dei fleste elevar vere deira første innføring i psykologi som fagfelt, og for mange også den einaste formelle opplæring dei får i faget. Læraren sine faglege og fagdidaktiske kunnskapar vil difor ha avgjerande relevans for eleven sin forståing av psykologi som fagfelt, særskild fordi psykologi skil seg ut frå mange andre fag ved å vere både eit forskingsfelt og ein profesjon. Psykologisk forsking dekkjer ei rekkje ulike emneområde med til dels særs ulike metodiske tilnærmingar og vitskapsteoretiske problem. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing av dei fleste aspekt ved menneskeleg åtferd, oppleving og samhandling.

Metodisk har faget stor spennvidde frå laboratorieeksperiment til individuelle kasusstudiar og feltforsking. Profesjonsfaget har hatt ei særskild rolle i fagutviklinga ved sitt direkte arbeid med menneske. Psykologien sine mange disiplinar gjer at det grenser til mange fag, og faget innbyr difor i særskild grad til eit tverrfagleg perspektiv og samarbeid.

Psykologifaget i skulen er ut frå sin eigenart eigna til å utvikle refleksjon over - og realisering av - måla i den generelle delen av læreplanen. Denne leggjer vekt på at undervisninga tar sitt utgangspunkt i eleven sine føresetnader og søkjer å utvikle eleven sin eiga vekst og sosialisering. Alt dette er tradisjonsrike forskingsfelt innan psykologi. Undervisninga i psykologi gir difor store mogleikar for å gje eleven auka sjølvinnsyn og forståing for mellommenneskelege relasjonar som eit ledd i personleg utvikling og danning.

Læringsutbyte

Læraren og eleven

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader

utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier

Kunnskap:

kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen

ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn

ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag

Generell kompetanse:

kunne kritisk vurdere og nytte IKT i psykologiundervisninga

 

Læraren og skulen

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid

Kunnskap:

ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar

Generell kompetanse:

utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid

 

Læraren og samfunnet

Studenten skal:

Generell kompetanse:

kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i høve til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar

kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen ovanfor elevar, foreldre, kollegaer og andre

kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til auka innsyn i samfunnet si tilretteleggjing av born og unges oppvekstforhold

utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål

Krav til forkunnskapar

Psykologididaktikk 2 (DIDAPSYK2) byggjer på fageksamen frå universitet eller høgskule med minimum 60 studiepoeng fordjuping.

Psykologididaktikk 1 (DIDAPSYK101), Pedagogikk første semester (PEDA101) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding vert eksamensform valt slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å byte eksamensform i dei to emna. Frist for å byte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Fullført prosjektoppgåve gjeld for tre semester, inkludert det semesteret studenten påbegynte og fullførte den aktuelle oppgåva

Litteraturliste

Pensum er satt saman av omlag 375 sider

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.