Fagdidaktikk 2 er ein del av andre semester i den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Fagdidaktikk omfattar refleksjonar kring eit fag og undervisning i faget. Fagdidaktikken i ulike fag vil ha ulik profil, men ein del sentrale problemstillingar er felles, slik som spørsmål om danning, innhald og metode knytta til kunnskapsutvikling innan faget. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon. Ein del av fagdidaktikken blir dermed også dei praktiske grepa, metodane og teknikkane ein kan nytte i undervisninga i eit fag. Fagdidaktikken tilbyr både innføring i slik metodikk, og problematisering og drøfting av denne.
Studiet i fagdidaktikk for psykologi skal gje studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige fag.
Dei nasjonale valfaga Psykologi A og Psykologi B kan bli tilbudd på alle studieretningar i vidaregåande skule. I studieretning for helse og sosialfag er psykologi eige fag i retninga Barne- og ungdomsarbeider. Valfag i psykologi vil for dei fleste elevar vere deira første innføring i psykologi som fagfelt, og for mange også den einaste formelle opplæring dei får i faget. Læraren sine faglege og fagdidaktiske kunnskapar vil difor ha avgjerande relevans for eleven sin forståing av psykologi som fagfelt, særskild fordi psykologi skil seg ut frå mange andre fag ved å vere både eit forskingsfelt og ein profesjon. Psykologisk forsking dekkjer ei rekkje ulike emneområde med til dels særs ulike metodiske tilnærmingar og vitskapsteoretiske problem. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing av dei fleste aspekt ved menneskeleg åtferd, oppleving og samhandling.
Metodisk har faget stor spennvidde frå laboratorieeksperiment til individuelle kasusstudiar og feltforsking. Profesjonsfaget har hatt ei særskild rolle i fagutviklinga ved sitt direkte arbeid med menneske. Psykologien sine mange disiplinar gjer at det grenser til mange fag, og faget innbyr difor i særskild grad til eit tverrfagleg perspektiv og samarbeid.
Psykologifaget i skulen er ut frå sin eigenart eigna til å utvikle refleksjon over - og realisering av - måla i den generelle delen av læreplanen. Denne leggjer vekt på at undervisninga tar sitt utgangspunkt i eleven sine føresetnader og søkjer å utvikle eleven sin eiga vekst og sosialisering. Alt dette er tradisjonsrike forskingsfelt innan psykologi. Undervisninga i psykologi gir difor store mogleikar for å gje eleven auka sjølvinnsyn og forståing for mellommenneskelege relasjonar som eit ledd i personleg utvikling og danning.
Læraren og eleven
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader
utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier
Kunnskap:
kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen
ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn
ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag
Generell kompetanse:
kunne kritisk vurdere og nytte IKT i psykologiundervisninga
Læraren og skulen
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid
Kunnskap:
ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar
Generell kompetanse:
utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid
Læraren og samfunnet
Studenten skal:
Generell kompetanse:
kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i høve til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar
kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen ovanfor elevar, foreldre, kollegaer og andre
kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til auka innsyn i samfunnet si tilretteleggjing av born og unges oppvekstforhold
utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål
Psykologididaktikk 2 (DIDAPSYK2) byggjer på fageksamen frå universitet eller høgskule med minimum 60 studiepoeng fordjuping
Psykologididaktikk 1 (DIDAPSYK101), Pedagogikk første semester (PEDA101) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding vert eksamensform valt slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å byte eksamensform i dei to emna. Frist for å byte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.
Fullført prosjektoppgåve gjeld for tre semester, inkludert inneværande semester