Fagdidaktikk 2 er ein del av andre semester i den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Fagdidaktikk omfattar refleksjonar kring eit fag og undervising i faget. Fagdidaktikken i ulike fag vil ha ulik profil, men ein del sentrale problemstillingar er felles, slik som spørsmål om danning, innhald og metode knytt til kunnskapsutvikling innan faget. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon. Ein del av fagdidaktikken blir dermed også dei praktiske grepa, metodane og teknikkane ein kan nytte i undervisninga i eit fag. Fagdidaktikken tilbyr både innføring i slik metodikk, og problematisering og drøfting av denne.
Studiet i fagdidaktikk for psykologi skal gje studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige fag.
Psykologisk forsking dekkjer ei rekkje ulike emneområde med til dels særs ulike metodiske tilnærmingar og vitskapsteoretiske problem. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing av dei fleste aspekt ved menneskeleg åtferd, oppleving og samhandling.
Psykologifaget i skulen er ut frå sin eigenart eigna til å utvikle refleksjon over - og realisering av - måla i den generelle delen av læreplanen. Denne legg vekt på at undervisninga tar sitt utgangspunkt i eleven sine føresetnader og søkjer å utvikle eleven sin eiga vekst og sosialisering. Alt dette er tradisjonsrike forskingsfelt innan psykologi. Undervisninga i psykologi gir difor store mogleikar for å gje eleven auka sjølvinnsyn og forståing for mellommenneskelege relasjonar som eit ledd i personleg utvikling og danning.
Studenten skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i høve til:
Læraren og eleven
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader
utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier
Kunnskap:
kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen
ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn
ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag
Generell kompetanse:
kunne kritisk vurdere og nytte IKT i psykologiundervisninga
Læraren og skulen
Studenten skal:
Ferdigheiter:
utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid
Kunnskap:
ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar
Generell kompetanse:
utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid
Læraren og samfunnet
Studenten skal:
Generell kompetanse:
kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i høve til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar
kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen ovanfor elevar, foreldre, kollegaer og andre
kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til auka innsyn i samfunnet si tilrettelegging av born og unges oppvekstforhold
utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål
Undervisninga blir organisert i førelesingar/seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing. Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
Omfang på førelesningar/seminar:
Antall veker: 7-8
Antall timar: 40
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:
Studenten skal ha to ulike vurderingsformer som blir slått saman til ein karakter med ulik brøk:
Munnleg eksamen (40%)
Prosjektoppgåve (60%)