Målet med emnet er at studentane kan kunna gjera utdjupande vurderingar av elevane sine faglege føresetnader for faget, og kva implikasjonar det har for praksis. Det er vidare eit mål å utvikla didaktisk refleksjon om digitale dugleikar i faget, med vekt på elevane sine føresetnader. Emnet skal derfor gi innsikt i dei faglege og kognitive føresetnadene elevar møter samfunnskunnskapsfaget med. Særleg viktig er innsikt i korleis elevar si samfunnsforståing utviklar seg, og drøfting av eigna undervisning i møte med ulike kunnskapsutgangspunkt er eit viktig mål.
Emnet skal gi innsikt i teoriar om tilhøvet mellom individ og samfunn, og gi grunnlag for fagdidaktiske vurderingar av mål og innhald for faget i grunnopplæringa. Emnet skal gi innsikt i digital kompetanse innanfor samfunnskunnskapen og studentane skal kunna drøfta og prøva ut ulike måtar å arbeida med digital kompetanse på.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
Ferdigheter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan
A-F