Emner: ECON110 Mikroøkonomiske grunnbegreper og markedsteori - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi ei elementær innføring i mikroøkonomiske teori og å gjere studentane kjende med sentrale omgrep og analytiske resultat innanforkonsument-, produksjon- og marknadsteori.
Det vert fyrst gitt ein introduksjon til teorien om etterspørselen til den enkelte konsument etter varer og tenester. Etter dette går ein gjennom produksjons- og kostnadsteorien og utleier med bakgrunn i denne den enkelte produsent si tilpassing. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien. Det blir her lagt vekt på å karakterisere ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og mellomformer av desse. Kurset vert avslutta med ei innføring i teori om tilbod av og etterspørsel etter arbeidskraft.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- Har kunnskap om den grunnleggjande teorien for konsumentar sine økonomiske val, og korleis denne gir opphav til etterspurnadsfunksjonar.
- Har kunnskap om samanhengen mellom produktivitet og kostnader for produsentar, og korleis denne gir opphav til tilbodsfunksjonar.
- Kjenner til teoriar for korleis pris dannast i marknader prega av ulike typar konkurranse.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan gjere greie for sentrale omgrep i mikroøkonomisk analyse, til døme effektivitet, tilbod og etterspurnad, marknadsjamvekt og ulike kostnadsomgrep.
- Kan gjere greie for og samanlikne prisdanning i marknader med ulik grad av konkurranse ved hjelp av enkle modellar og figurdrøfting.
- Kan gjere greie for korleis samfunnsøkonomisk overskot fordelar seg mellom produsentar og konsumentar i ulike typar marknader ved hjelp av enkle modellar og figurdrøfting.
- Kan gjere greie for korleis offentleg regulering og tilsyn kan motarbeide uheldige sider ved manglande konkurranse.
Generell kompetanse
Kandidaten...
- Kan følgje uformelle økonomiske resonnement knytta til faget, for eksempel innhaldet i faglige utredninger eller politiske diskusjoner.
- Har trening i å framstille resonnement ved hjelp av enkle modellar og figurar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ECON140/MAT101
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Skriftleg 4 timar eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26