Norsk
Målet med kurset er å gi ei elementær innføring i mikroøkonomiske teori og å gjere studentane kjende med sentrale omgrep og analytiske resultat innanforkonsument-, produksjon- og marknadsteori.
Det vert fyrst gitt ein introduksjon til teorien om etterspørselen til den enkelte konsument etter varer og tenester. Etter dette går ein gjennom produksjons- og kostnadsteorien og utleier med bakgrunn i denne den enkelte produsent si tilpassing. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien. Det blir her lagt vekt på å karakterisere ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og mellomformer av desse. Kurset vert avslutta med ei innføring i teori om tilbod av og etterspørsel etter arbeidskraft.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
Generell kompetanse
Kandidaten...
Ingen
ECON140/MAT101.
Kan lesast parallelt med ECON140.
Førelesingar. Seminarundervisning.
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Skriftleg 4 timar eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
¿ Casio FX-82
¿ Hewlett-Packard HP30
¿ Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26