Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs.
Kurset begynner med innføring i elementær algebra, likningar og funksjoner av ein variabel. Kurset fortsetter så med derivasjon og kontinuitet og implisitt derivasjon. Vidare studerer ein finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem. Så følgjer ei innføring i integralregning og presentasjon av funksjoner av fleire variablar samt derivasjon av implisitt gitte funksjoner. Kurset vert avslutta med optimeringsproblem for funksjoner av fleire variablar og maksimering og minimering under biføresetnader (Lagranges metode).
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
Førelesingar og seminar.
2 obligatoriske innleveringsoppgåver og 1 fleirvalsoppgåve (multiple choice) må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
¿ Casio FX-82
¿ Hewlett-Packard HP30
¿ Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng.
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26