Haust
Formålet med kurset er å gi studentane ei generell innføring i bedriftsstrategi og konkurransepolitikk.
Kurset tar for seg strategisk tenking, nærare bestemt om korleis ei bedrift bør opptre i marknader der konkurrerande aktørar er gjensidig avhengige. Det handlar altså om spelet mellom bedrifter. Det vert gitt ei innføring i spelteori og forskjellige modellar for imperfekt konkurranse, og vi ser på kva for rolle konkurransepolitikken kan spele for å sikre samfunnsøkonomisk effektivitet i slike marknader. Sentrale tema som vert handsama i kurset er omgrepa marknadsmakt og samfunnsøkonomisk effektivitet, horisontale og vertikale fusjonar, teori for vertikale bindingar, og kva som er mogleg å få i stand for bedrifter når det gjeld kartell og/eller stilltiande prissamarbeid. Teorien er fyldig illustrert med døme og bruksområde.
Førelesingar. Seminarundervisning.
Godkjent innleveringsoppgåve.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26