Norsk
Haust
Målet med kurset er å gi studentane ei innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering, velferdsteori og beskatning.
Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt. Etter dette gjer vi greie for korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av eksterne effektar og kollektive gode i økonomien. Andre sentrale spørsmål som vert tatt opp er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi. Kurset vil også ta opp effektivitets- og fordelingseigenskapar ved ulike former for skattar.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
ECON110
Førelesingar. Seminarundervisning.
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:
Alle modellar av typane:
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26