Haust
Målet med kurset er å gi studentane trening i bruk av matematiske metodar og innsikt i mikroøkonomiske problemstillingar.
Kurset startar med å gi ei fordjuping innan produksjons- og konsumteori, samt nokre eksempel på å laga likevektsmodeller. Videre vert det undervist i spelteori og oligopolteori. Det gis ei innføring i optimering under uvisse. Til slutt vert det gjennomgått nokre moderne problemstillingar knytt til asymmetrisk informasjon og ufullstendige kontrakter.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
Kompetanse
Kandidaten...
Førelesingar og seminarundervisning.
Det er ei obligatorisk oppgåve i ECON 310. Oppgåva gis tidlig i semesteret og temaet for oppgåva vil vere matematikk og optimering. Studenten stiller på oppgitt tidspunkt og stad, mottar ei oppgåve og svarar på staden, utan hjelpemiddel. Instituttet kan velje å gjere dette til en multiple-choice-oppgåve. For å bestå må ein ha 60% rett.
Dersom ein ikkje består får ein éin sjanse til. Ein må då levere ei utvida heimeoppgåve, med krav til godkjenning på 60%.
Studentar som ikkje møter opp til oppgitt tidspunkt og stad, kan levere den utvida oppgåva, men får ingen moglegheit til å levere på nytt.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:
Alle modellar av typane:
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26