Emner: ECON340 Økonometri I - Vår 2024




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ei fyrste innføring i økonometri og er eit nødvendig utgangspunkt for empirisk arbeid.

Økonometri bruker statistiske metodar på økonomiske problemstillingar.

Hovudtema på kurset er lineære regresjonsmodellar. Det vert fokusert spesielt på at økonomiske data stort sett er ikkje-eksperimentelle, og kva for konsekvensar dette har for konklusjonane det er mogleg å trekkje. Både teoribakgrunn og praktiske døme blir gjennomgått. Kurset vil også gi ei innføring i bruk av økonometrisk programvare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Ferdigheiter

Kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

ECON240

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør)og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med https://www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamengyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder.econ@uib.no