I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG225 (skoleeksamen) eller ENG265 (semesteroppgåve).
Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.
Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG225, ENG267 (semesteroppgåve i moderne lingvistikk).
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og ENG125 eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no