Emner: ENG267 Semesteroppgave i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG267 (semesteroppgåve) eller ENG227 (skoleeksamen).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane for lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG267, ENG225 (språkhistorie).

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men sjå «Tilrådde forkunnskapar».

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG267 redusert om det blir kombinert med ENG223 (10 studiepoeng reduksjon), ENG223L (5 studiepoeng reduksjon), ENG211 (15 studiepoeng reduksjon), ENG251(15 studiepoeng reduksjon) og ENG225 (15 studiepoeng reduksjon) .

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på minimum 500 ord. Det blir gjeve rettleiing (individuelt eller i gruppe). Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 6000 ord (±10%), der studentane i eiget kapittel om teori, data og metode på 1000 ord (±10%) skal presentere tankar rundt dei teoretiske og metodiske vinklingane dei har brukt i oppgåva. Tema for oppgåva vel studentane i samråd med faglærar. Antall ord i litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i det skriftlege arbeidet dei har levert. Den munnlege prøva er justerande med ein karakter. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no