Emner: ENG325 Masteremne i engelsk lingvistikk III - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ENG325 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan, til dømes, vere eit tema frå anvend lingvistikk, fonologi, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsstudium, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk eller kombinasjonar av desse.

Læringsutbyte

Etter fullført masteremne i engelsk lingvistikk skal studenten ha god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet.

Etter fullført emne skal studenten være i stand til å gi undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

Studenten skal kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ein viss tid.

Han/ho skal sjølvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.  

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: 2 timer pr uke i 12 uker. Totalt 24 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ved vurderingsform «Alternativ 2»: Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatorisk arbeidskrav er gyldig berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG325 kvart semester.

Alle arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til eksamen. Vurderingsforma for våren 2015 vert vedteken av Utvalet for undervisning og Internasjonalisering, Institutt for framandspråk, hausten 2014 og kunngjord. Dei alternative vurderingsformane er:

Alternativ 1: Skoleeksamen

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen.

Alternativ 2: Rettleidd semesteroppgåve

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 7500 ord. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Alternativ 3: Heimeeksamen med munnleg

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 3000 og 3500 ord. Når endeleg karakter vert fastsett tel heimeeksamen to trededelar og munnleg eksamen ein trededel. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endeleg karakter. Ved eksamen påfølgjande semester utan undervisning må studentane ta skoleeksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum i masteremnet er sett saman av opptil 1000 sider sakprosa eller læreboktekst. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

studierettleiar@if.uib.no