Emner: ENG326 Masteremne i engelsk lingvistikk IV - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Engelsk  

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

ENG326 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan, til dømes, være eit tema frå anvend lingvistikk, fonologi, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsstudium, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

Etter fullført språkleg masteremne skal studenten ha god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet.

 

Etter fullført emne skal studenten være i stand til å gi undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

 

Studenten skal kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid.

 

Han/ho skal sjølvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering. 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.  

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Type

t/veke

veker

totalt

Seminar

1 x 2 t

12

24

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ved vurderingsform «Alternativ 2»: Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG321 kvart semester.

 

Alle arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til eksamen. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet.

 

Alternativ 1: Skoleeksamen

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen.

 

Alternativ 2: Rettleidd semesteroppgåve

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 7500 ord. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

 

Alternativ 3: Heimeeksamen med munnleg

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 3000 og 3500 ord. Når endeleg karakter vert fastsett tel heimeeksamen to trededelar og munnleg eksamen ein trededel. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endeleg karakter.

Ved eksamen påfølgjande semester utan undervisning må studentane ta skoleeksamen.

 

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum i masteremnet er sett saman av opptil 1000 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 10 verk. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Institutt

studierettleiar@if.uib.no