Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.
ENG335 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Seminar: opp til 16 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, følgd av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 3000 ord (±10%) (eksklusive litteraturliste osb.). Når endelig karakter vert fastsett tel heimeeksamen to tredelar og munnleg eksamen ein tredel. Munnleg eksamen kan bli digital.
Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endelig karakter.
Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no