Emner: ENG335L Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur IV - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningsspråk

 Engelsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

 

ENG335L er eit spesialisert studium i eit tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester, og kan omfatta britisk, amerikansk, og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

 Etter fullført emnestudium skal studenten

 

Krav til forkunnskapar

 Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga vert gitt som ei seminarrekke over 12 veker tilsaman 16 timar. Det vil vere 8 veker med seminar og fire studieveker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ved vurderingsform «Alternativ 2»: Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Det blir arrangert eksamen i ENG331L kvart semester.

Alle arbeidskrav må vere oppfylte for å kunne gå opp til eksamen. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet.

 

Alternativ 1: Skuleeksamen

Eksamen er ein seks timars skuleeksamen.

 

Alternativ 2: Rettleidd semesteroppgåve

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 7500 ord. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Alternativ 3: Heimeeksamen med munnleg

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 3000 og 3500 ord. Når endelig karakter vert fastsett teller heimeeksamen to trededeler og munnleg eksamen ein trededel. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endelig karakter.

Ved eksamen påfølgjande semester utan undervisning må studentane ta skoleeksamen.

Karakterskala

 Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

 Ein kan ikkje få utteljing for både ENG335 og ENG335L.

Vurderingssemester

 Vår

Litteraturliste

 Pensum er sett saman av opptil 1000 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 10 verk. Teoritekstar vil høyre med. Det vil óg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum bør studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Emneevaluering

 Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

 studierettleiar@if.uib.no